Sognatinget er det politiske samarbeidsorganet for dei seks kommunane i Sognaregionen, og består av formannskapa i kvar kommune. Tinget møtest to gonger i året, og er ein viktig arena for strategisk drøfting og samhandling på tvers av kommunegrensene.
På dagsorden står fleire viktige saker som rører ved framtida for regionen. I ei tid med store endringar og press på regionale funksjonar innan tryggleik, helse og samferdsel, er det avgjerande at Sognaregionen har eit tett og målretta samarbeid.
Ei av vedtakssakene i Flåm er den nye mobilitets- og samferdselsplanen for Sognaregionen. Planen har vore gjennom ein grundig prosess, og har vore drøfta to gonger før i Sognatinget – i tillegg til at den har vore tema i formannskapa i kommunane.
Ei anna stor drøftingssak er status for samhandlinga i regionen. Fleire tenestesamarbeid er under utvikling, mellom anna innan barnevern og Nav. Samstundes vert ny regional politikk forma på tvers av kommunar og parti. Difor er det viktig å ta ein fot i bakken: kor står vi, er framdrifta god, og må noko justerast?
Sognatinget er ein viktig møteplass for å styrke felles forståing og retning for Sognaregionen – i ei tid der regionalt samarbeid er viktigare enn nokon gong.
