Næringsnettverket

Mandat

Næringsnettverket skal vere den sentrale faglege og operative arenaen for samordning av nærings- og samfunnsutvikling i Sognaregionen. Nettverket skal bidra til å styrke den samla utviklingskapasiteten i regionen gjennom prioritering, koordinering og gjennomføring av felles satsingar i regi av Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO).

Kvar kommune skal stille med minimum 10 prosent av ein strategisk utviklingsressurs, tilsvarande om lag 150 timar årleg. Ressursen skal nyttast både til deltaking i nettverket og til aktivt arbeid for regionen, herunder saksførebuing, utgreiing, prosjektutvikling og oppfølging av felles tiltak.

Nettverket skal arbeide temabasert, med årleg prioritering av strategiske satsingsområde. Arbeidet skal organiserast slik at det blir levert konkrete resultat gjennom tydeleg arbeidsdeling og ansvar for oppgåver.

Næringsnettverket skal bidra til å identifisere behov og moglegheiter for næringsutvikling, gi faglege innspel til Sogn KO og medverke i utvikling og gjennomføring av regionale prosjekt. Vidare skal nettverket samordne kommunane sine innspel og bidra til aktiv dialog med utviklingsaktørar og verkemiddelapparat.

Prioriteringar og oppfølging skal forankrast i Sogn KO. Nettverket skal jamleg evaluere arbeid, ressursbruk og effekt.

Kontaktinformasjon:

Leiar i Næringsnettverket:

Geir Hansen, Årdal kommune
E-post: gh@ardal-utvikling.no
Telefon: 905 52172

 
Forrige
Forrige

Oppvekstnettverket