Om
Sognaregionen.
Seks kommunar som løftar tenester, tek felles grep og byggjer ei betre framtid for innbyggjarane.
Sognaregionen er eit samarbeid mellom kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik. Saman tek kommunane felles grep for å styrkje tenestene, utvikle regionen og byggje ei betre framtid for innbyggjarane. Samarbeidet er forankra i ein felles regionalplan.
Gjennom samarbeid på tvers av kommunegrensene arbeider Sognaregionen for å vere ein attraktiv bu- og arbeidsregion, sikre god mobilitet, skape nye moglegheiter gjennom omstilling og utvikle sterke kommunale tenester. Felles satsingar innan attraktivitet, mobilitet, omstilling og samarbeid skal bidra til at regionen står sterkare i møte med framtida.
Det politiske arbeidet vert styrt av Sognatinget, der formannskapa i dei seks kommunane møtest to gonger kvart år for å setje retning for det regionale samarbeidet. Mellom samlingane i Sognatinget vert arbeidet følgt opp av arbeidsutvalet, som består av dei seks ordførarane. Kommunedirektørane deltek som støttespelarar og rådgjevarar i dette arbeidet.
Den operative oppfølginga av samarbeida skjer gjennom KO-styret, som er sett saman av kommunedirektørane i dei seks kommunane. Her vert felles prosjekt, tenestesamarbeid og regionale initiativ utvikla og følgde opp i praksis.
Sognaregionen har sitt eige sekretariat, som støttar det regionale samarbeidet på alle nivå. Sekretariatet førebur saker, følgjer opp vedtak, koordinerer prosjekt og bidreg til framdrift.. Slik fungerer sekretariatet som ei drivkraft for både politisk og administrativ samhandling i regionen.
Sognaregionen er bygd på samarbeid, tillit og viljen til å lukkast saman. Når seks kommunar dreg i same retning, skaper vi større kraft til å utvikle gode lokalsamfunn, attraktive arbeidsplassar og framtidsretta tenester for heile Sogn.