Årsmelding 2025
Sterk satsing på attraktivitet og rekruttering: Sognaregionen har arbeidd målretta med rekruttering gjennom mellom anna Sogna-BLU (desentralisert barnehagelærarutdanning), arbeid for deltids ingeniørutdanning, Sognacamp, samarbeid med Sognaklynga og prosjektet TeknoJenter.
Felles profil for Sogn er på plass: I 2025 vart den regionale profilen ferdigstilt med profilmanual og vidareutvikling av nettportalen sogn.no. Dette gir regionen eit sterkare og meir samla omdøme- og profileringsarbeid.
Vedtak om ny regional mobilitetsplan: Sognatinget vedtok den regionale mobilitetsplanen i november 2025. Planen prioriterer betre vegar, rassikring, tryggare løysingar for mjuke trafikantar og eit sterkare kollektivtilbod internt i regionen og mot Bergen, Voss og Austlandet.
Store steg i interkommunalt samarbeid: Det vart arbeidd vidare med fleire nye samarbeid, mellom anna felles skogsamarbeid, kart/oppmåling/GIS, barnevern, NAV og TryggEst. Fleire av desse vart vedtekne eller fekk positive prinsippvedtak i kommunane i løpet av året.
Positivt økonomisk resultat: Både Sognarådet IPR og Sogn KO hadde positive driftsresultat i 2025. Sognarådet oppnådde eit netto driftsresultat på 469 385 kroner, medan Sogn KO oppnådde 355 378 kroner.
Les heile årsmeldinga her eller kortversjonen her.
Attraktivitet
Sogn skal vera ein god region å arbeida, studera, besøka, leva og driva næring i.