Henta kunnskap og kontaktar i Brussel

Ein flott delegasjon frå Vestlandet samla hjå Vest Norges Brusselkontor.
Foto: VNB

Ein delegasjon frå Sogneregionen deltok 11.–14. oktober på European Week of Regions and Cities i Brussel. Turen gav fagleg påfyll, nye kontaktar og idear til vidare utvikling av Sogn.

Regionveka er Europas største årlege møteplass for regional og lokal utvikling. Politikarar og fagfolk frå heile Europa møtest for å dele erfaringar og finne løysingar på felles utfordringar.

Delegasjonen møtte Innovasjon Noreg, Vest-Norges Brusselkontor, KS sitt Brusselkontor og Høgskulen på Vestlandet. Samtalane gav nyttig innsikt i EU-systemet og aktuelle program, samarbeidspartnarar og finansieringsordningar.

– Det er inspirerande å møte andre som arbeider med mange av dei same utfordringane som oss. Turen har gitt oss både nye perspektiv og kontaktar som vi kan byggje vidare på i Sogn, seier Gunn Lerøy, leiar i Sogn KO.

Besøket gav òg eit innblikk i dei store endringane Europa står i. Tryggleik, teknologi, handel, industri og energi står høgt på dagsordenen, saman med behovet for sterkare konkurransekraft og meir innovasjon. For Noreg blir det viktig å følgje diskusjonen om tilknytinga til europeiske program for forsking, utdanning og regional utvikling.

Studieturen samla mellom anna representantar frå Digdir, Nav Økonomiteneste, Sogndal kommune, Sogn Næring og Sognaregionen. Målet var å finne idear og samarbeid som kan vere nyttige for regionen og tenestene våre. Her var det mykje å hente, og vel tilbake i Sogn tek deltakarane med seg læringspunkta og vurderer kva kontaktar og moglegheiter det er aktuelt å følgje opp for Sogn.

Deltakarar frå Sogneregionen

  • Gunn Lerøy, leiar i Sogn KO og kommunedirektør i Lærdal

  • Audun Mo, nestleiar i Sognarådet og ordførar i Lærdal

  • Andreas Wollnick Wiese, ordførar i Luster

  • Halvard Gjerde, leiar for prosjektet regionalt beredskapsfellesskap

  • Torgeir Skålid, tenesteutviklar i Sogn KO



Neste
Neste

Frå gode samtalar til handling