Skaparglede, samarbeid og suksess i Sogn

 

Den årlege Entreprenørskapsmessa for ungdomsskulane i Sogn gjekk av stabelen 14. april, denne gongen i Årdal. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap Vestland, Årdal kommune og det regionale oppvekstprogrammet System for styrka læring i Sognaregionen. Over 500 elevar og 150 vaksne frå heile Sogn deltok – og Årdalshallen var fylt av energi, kreativitet og ekte skaparglede.  

Elevbedrifter med imponerande kvalitet 

Heile 30 elevbedrifter frå 9. trinn stilte med stand. Juryen, sett saman av representantar frå næringsliv og offentleg sektor i regionen, hadde ei krevjande oppgåve. Etter digitale intervju og vurdering av videopitchar, vart vinnarane i sju kategoriar kåra: 

  • Beste elevbedrift: Fuglevennane EB (Lærdalsøyri skule) — miljøvenlege og kreative fuglekassar av gjenbruksmateriale 

  • Berekraftsprisen: Planteull EB (Sagatun skule) — sirkulær bruk av saueull som markdekke 

  • Beste nærmiljøprosjekt: Rytmix EB (Kaupanger skule) — musikkopplæring for yngre elevar 

  • Beste produkt: Lampestjernene EB (Tangen skule) — moderne, rimelege og fargerike lamper 

  • Beste stand: Sognajus frå Ylvisåker EB (Kvåle skule) — økologisk eplejuice og kreativ presentasjon 

  • Beste salsbedrift: Vikjaveska EB (Flatbygdi skule) — slitesterke handlenett og god salstrategi 

  • Beste video: SweetBites EB (Luster ungdomsskule) — kreativ og gjennomarbeidd videopitch 

Publikumsprisen gjekk til SweetBites EB. 

Me gratulerer alle! 

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Sognatinget i Vik