Skog i Sogn
Samandrag
Kommunane i Sogn samarbeider om forvaltning og utvikling av skogbruket. Då Høyanger kommune gjekk ut av samarbeidet i 2025 vedtok dei seks kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal ein ny samarbeidsavtale frå 2026.
Føremål med samarbeidet
Samarbeidet skal gje ei fagleg god forvaltning og bidra til eit aktivt nærings- og utviklingsarbeid innan skogbruket i regionen.
Samarbeidet skal utføra alle forvaltingsoppgåver knytt til skogbruk, samt ha ansvar for utarbeiding av naudsynte retningslinjer, planar og strategidokument.
Fakta om samarbeidet
Vertskommune: Vik
Etablert frå 2026
Bakgrunn og organisering
Skognæringa er løfta fram som ei framtidsnæring i nasjonale strategiar, både som klimatiltak og som grunnlag for næringsutvikling. Kommunane har ei sentral rolle i å leggje til rette for skogbruk, og det er venta auka aktivitet og krav til oppfølging i åra som kjem. Kommunane i Sogn har bygd opp verdifull fagkompetanse gjennom fleire års samarbeid, først som prosjekt og seinare gjennom ein samarbeidsavtale. Samarbeidet vart organisert som vertskommunesamarbeid frå 2026.
Hovudkontoret er i vertskommunen Vik. Tenestene skal vera til stades der det er behov for dei, og arbeidsplassane vil derfor vera desentraliserte.
Deltakarkommunar
Lærdal kommune
Luster kommune
Sogndal kommune
Vik kommune
Årdal kommune