Jenter i Tech 3.0
Samandrag
Jenter i Tech (JiT) 3.0 er eit regionalt utviklingsprosjekt som skal bidra til å rekruttere fleire jenter til teknologifag.
Prosjektet byggjer vidare på tidlegare satsingar og samlar kommunar, næringsliv, forskingsmiljø og andre samarbeidspartnarar frå heile Vestland fylke.
I prosjektperioden skal det byggjast regionale alliansar, rekrutterast kvinnelege rollemodellar og mentorar og gjennomførast praktiske teknologiarrangement. Det skal også utviklast ein digital ressursbank med videoar og kursmateriell.
Sognaregionen er ein av 23 prosjektpartnarar som skal samarbeide om aktivitetar og tiltak for å auke interessa for teknologifag blant jenter i regionen.
Status
Prosjektet omfattar regionane Sogn, Sunnfjord/Nordfjord og Hardanger/Voss og byggjer vidare på erfaringar frå pilotprosjekta Teknojenter i Sogn og Jenter i Tech i Sunnfjord/Nordfjord.
Bakgrunnen for prosjektet er behovet for meir teknologisk kompetanse i den grøne og digitale omstillinga. Samstundes er kvinneandelen framleis låg i mange teknologiske utdanningar og yrke. Prosjektet tek utgangspunkt i forsking som viser at barrierane ikkje berre ligg hos jentene sjølve, men òg i forventningar, førebilete og strukturar rundt dei.
Arbeidet rettar seg derfor mot tre målgrupper:
jenter i grunnskulen og VG1
foreldre, lærarar og rådgjevarar som er viktige støttespelarar
næringsliv og samfunnsaktørar
Gjennom praktiske teknologiarenaer, møte med kvinnelege rollemodellar, kompetanseheving og samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv skal prosjektet gjere teknologi meir tilgjengeleg og relevant for fleire jenter. Målet er å utvikle og dokumentere ein rekrutteringsmodell som seinare kan takast i bruk i heile Vestland.
Vestland fylkeskommunen har løyvd midlar til prosjektet.
Vestlandsforsking er prosjekteigar, og er fagleg ansvarleg for den forskingsbaserte metodeutvikling for rekruttering av jenter til teknofaga.
Sognaregionen ser fram til å delta i denne viktige satsinga for å styrkje utdanningstilbodet og rekrutteringa til teknologifaga i regionen.
Fakta om prosjektet
Prosjektperiode:
2026-2027
Prosjekteigar:
Vestlandsforsking
Prosjektleiar og koordinator for region Sogn:
Torunn Hønsi, Vestlandsforsking
Sognaregionen si rolle:
Prosjektpartnar
Finansiering:
Vestland fylkeskommune mfl.