Velkommen til Sognatinget
Vi ønskjer velkommen til Sognatinget Haust 2026.
Denne gongen vitjar vi Årdal, og Teknologiveka. Vi skal vere i Årdal Teklnologipark heile dagen, og gler oss til å møte utsendingar frå heile Sogn til tingsete.
Før lunsj møter vi miljøet i Teknologipareken og får innblikk i programmet under Teknologiveka.
Sognatinget er lagt opp som gruppearbeid og plenumsdrøftingar rundt to hovudtema. Først skal deltakarane evaluere utviklinga dei siste to åra, der etableringa av Sognarådet IPR og Sogn KO har gitt sterkare regional samordning, tydelegare politiske prioriteringar og fleire felles satsingar, samstundes som mykje av arbeidet framleis er prega av eksterne føringar og reaktive prosessar. Deretter skal Sognatinget drøfte høyringa av regional plan for areal og mobilitet og regional plan for verdiskaping og kompetanse, med mål om å utvikle ei samla og tyngre høyringsfråsegn på vegner av heile regionen.
Program
09:00
Registrering, kaffi og småprat
09:30
Teknologiveka 2026 - vi får smakebitar frå det mangfaldige programmetunder teknologiveka
11:30
Lunsj
12:00
Sognatinget
15:00
Oppsummering og vel heim
Teknologiveka held fram med Grunderkveld.
Viktig informasjon
Eventuelt forfall skal meldast på telefon 908 30 284 eller bruk lenka under. Varamedlemmar møter etter nærare avtale.