- Ein forvaltningsplan for knappheit
Sognaregionen møtte Vestland fylkeskommune for å drøfte dei to regionale planane for verdiskaping og kompetanse, og for areal og mobilitet. Tilbakemeldinga var tydeleg: planane må bli meir konkrete, meir forpliktande og meir tilpassa distrikta
Fylkesdirektør Robert Rastad orienterte om dei regionale planane på Sognatinget i april. Måndag 14. september drøfta Sognarådet planane med Vestland fylkeskommune.
– Mykje bra som vert skildra, men planen framstår no som ein forvaltningsplan for knappheit, sa ordførar i Aurland, Kjell Bøe Bjørgum, om planen for areal og mobilitet.
Frå Sognaregionen vart det peika på at satsing på kollektiv, gange og sykkel må sjåast i lys av lokale føresetnader - i distrikta er bilen framleis eit viktig framkomstmiddelet.
– Det er viktig at planane har som mål å knyte Vestland fylke betre saman, sa ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim.
For planen om verdiskaping og kompetanse var meldinga at samspelet mellom Bergen og resten av fylket må bli tydelegare, og at Bergen sitt omland har ein verdi som ikkje kjem godt nok fram.
Attraktivitet og bulyst blei peika på som heilt avgjerande tema som er lite omtalt. Det vart også vist til at vidaregåande opplæring - eit område fylkeskommunen sjølv har ansvar for - nesten ikkje er nemnd, og at landbruk og reiseliv er lite synlege i planen.
Fylkeskommunen tok innspela med seg vidare. Fylkesdirektør Robert Rastad svarte at planane skal gje ei felles retning og vere til hjelp for kommunane.
– Fylkeskommunen skal ikkje vere ein overkommune, sa Rastad.
Fylkesordførar Jon Askeland sa han set pris på ærlege og direkte tilbakemeldingar, og at handlingspunkta i planane vil bli debatterte og vurderte nøye i den politiske prosessen.
Sognaregionen følger opp møtet med skriftlege høyringsinnspel til begge planane.