Felles plan skal styrkje oppfølginga av veteranar i Sogn

 
 

Kommunane i Sogn har samarbeidd om å utvikle ein felles veteranplan for regionen. Målet er å sikre ei meir samordna, føreseieleg og heilskapleg oppfølging av veteranar og familiane deira på tvers av kommunegrensene. Planen byggjer på nasjonale føringar og lokale behov, og omfattar både veteranar frå internasjonal og nasjonal teneste.

Arbeidet med veteranplanen starta i 2024 og har involvert kommunane i regionen, veteranar, Forsvaret og fleire fagmiljø. Planen legg vekt på anerkjenning av veteranane sin innsats, god oppfølging, kompetanseheving og auka kunnskap om veteranar sine behov i kommunale tenester.

Eit sentralt grep i planen er at kvar kommune peikar ut ein veterankontakt. Veterankontakten skal vere bindeledd mellom veteranar, pårørande, kommunen, Forsvaret og frivillige organisasjonar, og bidra til at veteranar får tilgang til relevant informasjon og oppfølging.

Veteranplanen skal gi kommunane eit felles rammeverk for samarbeid og utvikling av gode lokale tilbod. Gjennom planen ønskjer kommunane å synleggjere veteranane sin innsats og sikre at dei som har tenestegjort for Noreg blir møtt med anerkjenning, ivaretaking og oppfølging når dei kjem heim.

Planen vert fortløpande vedteken i kommunane.


Fleire aktueltsaker

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Sognarådet i dialog om nye regionale planar