Justeringar i styret

 

Anne Karin Hamre tek til som ny kommunedirektør i Sogndal 9. november, og då vert styret i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap justert. Endringa gav representantskapet ei utfordring…

Styret består no av Gunn Lerøy (leiar), Jon Bolstad (nestleiar),  Mette Hestetun Berg, Anne Karin Hamre, Gunhild Berge Stang, Steinar Søgaard, og Torgeir Skålid.

Med Anne Karin Hamre på plass i Sogndal, er fire av dei seks kommunedirektørane i Sogn kvinner. Samstundes krev kommunelova at kvart kjønn skal vere representert med minst 40 prosent i styret til Sogn KO. Med seks medlemmar betyr det tre kvinner og tre menn. Torgeir Skålid går derfor inn som styremedlem for å sikre ei lovleg samansetjing.

Den justerte styresamansetjinga gjeld frå 9. november. Representantskapet gjorde vedtaket i sitt møte 23. oktober

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Få nytt frå Sognaregionen rett i innboksen

Neste
Neste

Fleire jenter til teknologifaga