Fleire jenter til teknologifaga

 

Jenter i Tech 3.0 skal inspirere fleire jenter til teknologifag

Sognaregionen er partnar i prosjektet Jenter i Tech 3.0, eit regionalt samarbeid som skal bidra til at fleire jenter vel teknologifag. Prosjektet omfattar Sogn, Sunnfjord/Nordfjord og Hardanger/Voss, og byggjer vidare på erfaringar frå tidlegare satsingar i regionen.

Gjennom praktiske aktivitetar, møte med kvinnelege rollemodellar, samarbeid med næringslivet og kompetanseheving for foreldre, lærarar og rådgjevarar skal prosjektet bidra til å gjere teknologifaga meir synlege og attraktive for jenter.

Målet er å utvikle ein dokumentert og skalerbar modell for rekruttering til teknologifag som kan takast i bruk i heile Vestland. Prosjekteigar er Vestlandsforsking. Prosjektet samlar 23 partnarar frå forsking, utdanning, næringsliv og offentleg sektor.

Prosjektperioden er frå hausten 2026 til desember 2027.

Du kan lese meir om prosjektet her.

 
Robot av lego og nettbrett
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Sogn Næring skal levere næringsutviklingstenester