Sogn Næring skal levere næringsutviklingstenester
Sogn Næring skal levere næringsutviklingstenester til kommunane i Sogn frå 1. januar 2027. Styret i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (Sogn KO) vedtok det 15. oktober, etter ein open konkurranse gjennomført på vegner av deltakarkommunane.
Selskapet har levert likelydande tenester til fleire av sognekommunane før. No er oppdraget formalisert, gjennom utlysing i samsvar med regelverket for offentlege innkjøp. Sogn Næring var einaste tilbydar og oppfylte alle formelle krav.
– Kommunedirektørane har arbeidd med dette saman med ordførarane sidan hausten 2025. Det er gledeleg at vi no kan starte det verkelege arbeidet. Frå nyttår får verksemder og gründerar i Sogn ei felles inngangsdør som alltid er open. I tillegg sikrar tilbodet ein fast kontaktperson og lokalt nærvær i kommunane kvar veke. Vi har stor tru på at nærings- og samfunnsutviklinga i Sogn vil få eit løft, seier Gunn Lerøy, kommunedirektør i Lærdal og styreleiar i Sogn KO.
Kva Sogn Næring skal levere
Sogn Næring skal kople bedrifter og gründerar til rett kompetanse, finansiering og samarbeidspartnarar, og vere inngangen til dei offentlege støtte- og finansieringsordningane. Leveransen omfattar førstelinjeteneste, bedriftskontakt, rettleiing, prosjektleiing, nettverk og arbeid med kompetanse og rekruttering.
Alle kommunane får ein basisleveranse med eit felles sett av tenester. Ut over dette bestemmer kvar kommune sjølv kva Sogn Næring skal gjere for dei og kor mykje. Kommunen set prioriteringane kvart år, ut frå lokale behov og økonomiske rammer.
Arbeidet fram mot oppstart
Sogn KO, kommunane og Sogn Næring skal no ferdigstille avtalen. Kommunane sitt felles næringsnettverk samordnar behova. Fram mot oppstart skal partane avklare økonomiske rammer, fordelingsnøkkel, ansvar, rapportering og organisering, og utvikle felles prioriteringar. Fordi det kom berre eitt tilbod, gjeld ingen karensperiode, og arbeidet med endeleg kontrakt kan starte med ein gong.
Tenestene skal vere operative frå 1. januar 2027.