Kommunane samlar kreftene om næringsutvikling i Sogn

Kommunane, Sogn Næring, Årdal Utvikling og kunnskaps- og innovasjonsmiljø arbeider med næringsutvikling og attraktive lokalsamfunn. Ei kartlegging frå Sognaregionen viser at betre koordinering av dei mange aktørane kan utløyse meir av utviklingskrafta i regionen.

Difor styrkjer kommunane Næringsnettverket som felles arbeidsarena.

– Vi har mykje kompetanse og mange gode utviklingsmiljø i Sogn. Ved å kople kreftene betre saman og prioritere felles oppgåver kan vi få meir ut av ressursane, seier Geir Hansen, leiar i Næringsnettverket.

Næringsnettverket skal ikkje berre dele informasjon, men prioritere, koordinere og gjennomføre felles satsingar. Kvart innsatsområde får ansvarlege som driv arbeidet framover mellom møta.

Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal bidreg kvar med ein strategiske utviklingsressurs på om lag 150 timar årleg. Om lag 100 av timane skal kunne nyttast til utgreiing, oppfølging og utviklingsarbeid for nettverket.

Det gir meir kapasitet på tvers av kommunegrensene utan ein ny stor organisasjon.

Sogn Næring skal levere næringsutviklingstenester til fem kommunar og samarbeide med det sterke miljøet rundt Årdal Utvikling. Saman skal dei nytte kompetansen og erfaringane sine til beste for næringslivet i regionen.

Nettverket prioriterer fem område:

  • profil, merkevare og bulyst

  • kompetanse og rekruttering

  • reiseliv, mat og drikke

  • næringsareal, industri og etableringar

  • grøn omstilling og innovasjon

Ansvarlege frå kommunane skal utvikle tiltak og prosjekt saman med fagmiljø, næringsaktørar og tenesteleverandørar.

Arbeidet byggjer på tilrådinga om å behalde lokal forankring og samarbeide om oppgåver på tvers av kommunegrensene. Sogn KO bidreg med strategisk samordning, medan Næringsnettverket blir ein sentral arena for operativt utviklingsarbeid.

Arbeidsmarknaden og utviklingsmoglegheitene stoppar ikkje ved kommunegrensene.

Rapporten om næringsutvikling i Sogn viser at verksemder og kommunar ofte blir for små åleine innan rekruttering, kompetanse og innovasjon. Regional innsats kan gi større gjennomslagskraft og betre tilgang til kompetanse, finansiering og samarbeid regionalt og nasjonalt.

– Kommunane skal framleis ta ansvar lokalt. Men innan område som rekruttering, kompetanse, næringsareal og grøn omstilling får vi meir att ved å jobbe som éin region, seier Geir Hansen.

Styret i Sogn KO vil bruke kommunane sine samla ressursar betre.

– Også innan nærings- og samfunnsutvikling må vi spørje kvar det er klokast å stå saman. Målet er ikkje meir administrasjon, men større gjennomføringskraft og resultat for kommunane, næringslivet og regionen, seier Gunn Lerøy, styreleiar i Sogn KO.

Dei ansvarlege skal utarbeide mandat og aktivitetar fram mot jul. I første kvartal 2027 skal handlingsplanar, indikatorar og ressursbruk fastsetjast. Resultat og prioriteringar skal evaluerast årleg.

Målet er å nytte utviklingskrafta i Sogn betre og omsetje samarbeid til handling.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Sognatinget evaluerer seg sjølv