Sognatinget møtest måndag 9. november i Årdal teknologipark. Det er det halvårlege møtet til representantskapet i Sognaregionen, med formannskapa i Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Vik og Årdal. Dagen opnar med smakebitar frå programmet under Teknologiveka 2026.
Tre år med ny modell
Hausten 2023 innførte regionen ny modell, med Sognarådet IPR og Sogn KO. Sidan har Sognateamet, administrasjonen til regionen, vorte utvida. Meir av dialogen og politikkutviklinga er flytta inn i Sognatinget.
No tek Sognatinget ein status. Møtet startar med ein introduksjon frå Sognateamet. Deretter drøftar medlemmene problemstilingane med utgangspunkt i: Kva har vi lukkast med? Kva fungerer ikkje like godt? Greier regionen å halde tritt med samfunnsutviklinga elles? Kva skal vi prioritere i tida som kjem?
Fleire tenestesamarbeid som stod på vent er komne i gang. Skog i Sogn ligg hos Vik, og kart, oppmåling og GIS hos Luster. Barnevern og miljø og ureining har Sogndal som vertskommune og skal vere operative 1. januar 2027. Nav har Årdal som vertskommune og skal vere operativt 1. juli 2027.
Uttale til fylkeskommunale planar
Sognatinget skal og vedta felles fråsegn til to fylkeskommunale planar: Regional plan for areal og mobilitet, og Regional plan for verdiskaping og kompetanse. Fylkestinget er venta å vedta planane i mars 2027. Framlegget til fråsegnene slår fast at fylkeskommunen bør rette merksemda mot områda den sjølv har ansvar for, og at planane er fordårleg på retning og struktur.
Program 9. november
09:00 Registrering, kaffi og småprat
09:30 Teknologiveka 2026
11:30 Lunsj
12:00 Sognatinget
15:00 Oppsummering og vel heim
Stad: Årdal teknologipark