Den nye barnevernstenesta i Sogn tek form. Onsdag var alle dei tilsette samla til arbeid med felles kultur og for å utvikle dei nye teama. Eit høgdepunkt under samlinga var då dei tilsette samrøystes stemte fram Sogn barnevernsteneste som namn på den nye tenesta.
Samarbeidet omfattar Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal, med Sogndal som vertskommune. Målet er eit sterkare fagmiljø og gode, likeverdige tenester for barn, unge og familiar i dei seks kommunane. No handlar førebuingane både om å få organiseringa på plass og om å byggje eit nye fellesskap og kultur på tvers av dagens tenester.
Lite tvil mellom dei tilsette når namn på den nye tenesta var oppe til avrøysting.
Byggjer den nye tenesta saman
Felles kultur, status i dei ulike delprosjekta og namneverkstad stod på programmet då dei tilsette møttest onsdag. Dagen gav rom for både arbeid i arbeidsgrupper, felles tilbakemeldingar og dialog med leiinga og arbeid i dei nye teama.
Samlinga er del av ein serie fellessamlingar gjennom året. Arbeidsgrupper med tilsette frå dagens tenester arbeider med ulike delar av førebuingane. I delar av utviklingsarbeidet har dei og med seg studentar frå Høgskulen på Vestlandet. Elin Pettersen er tilsett som prosjektleiar og barnevernsleiar for den nye tenesta. Nestleiar og teamleiarar er også på plass. Med arbeidet i teama blir det stadig tydelegare korleis den nye tenesta skal arbeide.
Eit felles namn er ein viktig del av den nye identiteten. På samlinga samla dei tilsette seg samrøystes om å tilrå namnet Sogn barnevernsteneste. Dei tilsette fekk gjennomslag for namnevalet sitt då styringsgruppa vedtok namnet Sogn barnevernsteneste fredag 30. oktober.
God stemning på samlinga til Sogn barnevernsteneste på Vitemeir onsdag 28. oktober.