Leiarkabalen er på plass
Arbeidet med etableringa av det nye interkommunale barnevernet i Sogn held fram etter planen. På styringsgruppemøtet 2. oktober kunne prosjektleiar Elin Pettersen melde at leiarkabalen no er på plass, stemninga i organisasjonen er god, og at arbeidet ligg godt an til oppstart som planlagt 1. februar 2027.
Dei fem teamleiarstillingane er no besette. Linn Luggenes er tilsett som nestleiar for tenesta, og som leiar for teamet som skal jobbe med tiltak. Det andre teama vert leia Elisabeth Krogsæter (mottak), Ingelin Sæbø Haugum (undersøking, sped- og småbarn), Anja Brekke Moldvær (undersøking, ungdom) og Ingunn Breili (omsorg).
Prosjektet går no inn i ein fase der mykje av arbeidet handlar om praktiske avklaringar knytt til lokale, utstyr, fagsystem og overføring av avtalar frå dei deltakande kommunane. Samstundes er det stor optimisme blant både leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde.
-Det er veldig kjekt å sjå korleis dei tilsette har teke eigarskap til prosessen. Mange har strekt seg langt og bidrege utover eigne arbeidsoppgåver for å få dette på plass. Det gir eit svært godt grunnlag for den nye tenesta, seier prosjektleiar og barnevernleiar Elin Pettersen
Den nye tenesta er operativ frå 1. januar 2027. Sjølv om enkelte praktiske forhold framleis er under avklaring, er prosjektleiinga trygg på framdrifta.
-Vi har framleis mykje arbeid framfor oss, men vi ligg godt an. Leiarkabalen er på plass, organisasjonen er i ferd med å ta form, og vi opplever god støtte og konstruktivt samarbeid frå alle kommunane. Eg er trygg på at vi skal vere klare til oppstart, seier
Den nye tenesta skal samle fagmiljøet på tvers av kommunane i Sogn og leggje til rette for sterkare kompetansemiljø, meir robuste tenester og eit betre tilbod til barn, unge og familiar i regionen.