Sogn KO ber om meir konkrete grep
Sogn KO ønskjer meir konkrete grep i når Helse Førde ber om innspel til sin utviklingsplan
Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (Sogn KO) har sendt høyringsuttale til framlegget til utviklingsplan for Helse Førde for perioden 2026–2041. På vegner av kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal peikar Sogn KO på behovet for ein meir konkret og forpliktande plan for framtidas helsetenester.
Sogn KO støttar ambisjonen om ei trygg, berekraftig og framtidsretta spesialisthelseteneste, men meiner kommunane må få ei tydelegare rolle i korleis tenestene skal utviklast. Uttalen løftar fram utfordringar knytte til geografi, lange reiseavstandar og sårbare transportårer, og understrekar at desse forholda må få større vekt når framtidige helsetenester blir planlagde.
I høyringsuttalen peikar Sogn KO mellom anna på behovet for sterkare satsing på samhandling mellom kommunar og sjukehus, meir forpliktande planar for heimesjukehus og andre utviklingsprosjekt, vidareutvikling av desentraliserte spesialisthelsetenester og ein tydelegare plass for psykisk helse og rus i utviklingsplanen. Vi etterlyser òg ein meir konkret strategi for ambulansetenesta og den prehospitale beredskapen i regionen.
– Utviklingsplanen må i større grad visa korleis sjukehuset og kommunane saman skal utvikla framtidas helsetenester. Vi ønskjer ein meir proaktiv og forpliktande plan som gir innbyggjarane i Sogn gode og likeverdige tenester, uavhengig av kvar dei bur, seier Gunn Lerøy, leiar i Sogn KO.
I oppsummeringa av uttalen trekkjer Sogn KO fram behovet for meir utviklingsarbeid i samarbeid med kommunane, fleksible løysingar for bygg og drift, auka bruk av digital oppfølging, sterkare fokus på rekruttering og kompetanse, betre samhandling og eit tydelegare beredskapsperspektiv.
Høyringsuttalen er vedteken av styret i Sogn KO og sendt til Helse Førde som innspel til det vidare arbeidet med utviklingsplanen.
Du finn heile høyringsuttalen her.
Gunn Lerøy, styreleiar Sog KO