Samarbeid om ressurskrevjande tenester i Sogn
Kommunane i Sogn utgreier samarbeid om ressurskrevjande helse- og omsorgstenester. Målet er å sikre gode tenester til innbyggjarane og byggje sterke fagmiljø i regionen.
Prosjektgruppa starta arbeidet i september. Ståande bak frå venstre: Hilde Tenold (Vik kommune), Edel Ørbeck Mo (Lærdal kommune), Lisbeth Olstad Servold (Luster kommune), Marit Njøs Natvik (Årdal kommune), Catrine M. Jordalen (Aurland kommune) og Ole Magnus T. Midtbø (Sogndal kommune). Sitjande framme: Elin Leegaard Christensen (regiontillitsvald, NSF) og Siv Laila Eriksen (regiontillitsvald, Fagforbundet).
Kommunane opplever at behovet for spesialiserte helse- og omsorgstenester aukar. Særleg gjeld dette personar med samansette behov innan mellom anna psykisk utviklingshemming, psykisk helse og autismespekteret. I dag kjøper kommunane fleire av desse tenestene frå private aktørar.
I første fase av prosjektet skal kommunane skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag før det blir teke stilling til ei samarbeidsløysing.
Prosjektet er no godt i gang. Det er gjennomført kartlegging og intervju i alle dei seks kommunane, og prosjektgruppa har hatt fleire møte.
Kommunalsjefnettverket for helse og omsorg er styringsgruppe for prosjektet. Prosjektgruppa har deltakarar frå dei seks kommunane og to tillitsvalde. Prosjektet blir leia av Jorunn J. Folgerø-Holm frå KS Konsulent.
– Kommunane står overfor stadig meir komplekse oppgåver innan helse og omsorg. Gjennom denne utgreiinga skal vi finne ut om eit tettare samarbeid kan gje betre og meir robuste tenester, samtidig som vi byggjer sterke fagmiljø i regionen, seier prosjektleiar Jorunn J. Folgerø-Holm.
Arbeidet med utgreiinga held fram gjennom hausten og vinteren. I februar kjem prosjektrapporten med ei tilråding om korleis kommunane kan samarbeide om ressurskrevjande tenester.