Sju felles punkt om fjordvern
Kommunane langs Sognefjorden har samla seg om sju felles punkt i høyringa om marint vern. Bodskapen er tydeleg: Fjorden må takast vare på – samstundes som han framleis skal vere grunnlag for busetnad, næring og utvikling.
Foto: Sverre Hjørnevik
I eit eige møte i Sogndal med ordførarane og varaordførarane 28. september var det semje om sju punkt som kommunane kan ta med i den politiske handsaminga av høyringa. Punkta er sjølvstendige, slik at kvar kommune kan bruke dei som passar i eiga høyringsuttale.
Desse punkta er kommunane samde om:
Kunnskapsgrunnlaget må styrkast, uavhengig av utfall: Naturmangfaldet i fjorden må kartleggjast betre før det vert innført nye avgrensingar eller strengare restriksjonar.
Forvaltninga må ikkje hindre nødvendige framtidige grep: Forvaltningsregimet må vera innretta slik at det ikkje stenger for tiltak samfunnet treng i eit tolvårsperspektiv eller lengre.
Fjorden er grunnlaget for at vi bur her: Skal busetnaden halde fram, må fjorden framleis vere grunnlag for næring, samferdsel og utvikling.
Lokal forvaltning og medverknad: Kommunane må få innverknad på den vidare forvaltninga. Dersom vern vert vedteke, bør alle kommunane langs fjorden vere politisk representerte.
Restriksjonar må stå i forhold til verknad, og handhevast føreseieleg: Kommunane meiner det må klargjerast kven som har ansvar for oppsyn og handheving av vernereglane,
Lokal forvaltning må ha tilstrekkelege ressursar: Ved vern må staten finansiere lokal drift og tiltak, og det må tilførast ressursar slik at vernestatusen kan nyttast til berekraftig verdiskaping.
Vidare prosess: Kommunane ber om ny høyringsrunde dersom vernegrensene vert vesentleg endra etter høyringa.
Fleire av punkta gjeld uavhengig av om det vert oppretta eit marint verneområde. Andre punkt seier kva som må vere på plass dersom vern vert vedteke. Punkta kan nyttast både av kommunar som støttar og som er kritiske til eit marint vern.