Behov for ekstraordinært uttak av jerv

 

Sognaregionen har sendt fråsegn til Miljødirektoratet om den alvorlege situasjonen for beitenæringa i fjellområda i Sogn.

Gjennom mange år har næringa, lokalsamfunna og fagmiljøa åtvara mot utviklinga, men rovviltforvaltninga har ikkje gripe inn i tide. Resultatet er at det over tid har fått bygd seg opp ein betydeleg stamme av jerv i og i randsona til beiteprioriterte område i Sognaregionen. Tapstala for sau og lam har no nådd eit kritisk nivå som krev akutte, ekstraordinære tiltak.

Sognaregionen ligg i hovudsak utanfor prioritert yngleområde for jerv. Etter den nasjonale rovdyrpolitikken skal det omgåande og effektivt takast ut rovvilt som gjer skade i prioriterte beiteområde. Når ein betydeleg stamme får byggje seg opp og yngle i desse områda, bryt det fundamentalt med prinsippet om den todelte målsetjinga. Det må difor sikrast at fellingsløyve vert gjevne raskt, og at lisensfellinga vert effektivisert gjennom utvida bruk av statlege fellingsteam (SNO) der lisensjakt ikkje fører fram på grunn av det krevjande terrenget.

Regionen krev følgjande tiltak iverksett omgåande:

  • Massivt og målretta uttak: Det må gjennomførast eit omfattande uttak for å redusere den oppbygde jervestammen til eit nivå som er foreinleg med berekraftig utmarksbeite.

  • Lågare terskel for skadefelling: Det må gjevast raskare respons og fellingsløyve frå Statsforvaltaren med ein gong skade eller nærvær er dokumentert/sannsynleggjort.

  • Auka innsats frå SNO: Statens naturoppsyn må setjast inn med ekstraordinære ressursar (inkludert hiuttak der det er nødvendig) for å ta ut skadedyr i beiteprioriterte område.

Sognaregionen ber om at det vert sett i verk grundige og effektive uttak av jerv før komande beitesesong. Utan målretta tiltak og nødvendige uttak fryktar vi at tradisjonsrik utmarksbeiting i delar av regionen vert lagt ned for godt. Ei slik utvikling vil ramme beitenæringa i strid med nasjonale mål om auka matberedskap, og vil gje negative konsekvensar for kulturlandskap, lokal matproduksjon og busetnad.

Les heile fråsegna frå Sognaregionen

Neste
Neste

Vidare arbeid for å styrkje PP-tenestene i Sogn