Vidare arbeid for å styrkje PP-tenestene i Sogn

 

Kommunane i Sogn går vidare med eit felles utviklingsarbeid for framtidas pedagogisk-psykologiske teneste (PPT). Målet er å skape meir likeverdige tenester, styrkje det førebyggjande arbeidet og få til betre samhandling rundt barn og unge.

Lærar og elev gir ein high five i klasserom

PPT er i dag organisert gjennom to interkommunale samarbeid: Sogn PPT for Sogndal, Luster, Vik og Aurland, og PPT Indre Sogn for Årdal og Lærdal. Sidan hausten 2025 har kommunane gjennomført eit omfattande innsiktsarbeid med deltaking frå PP-tenestene, oppvekstleiinga og representantar frå skular og barnehagar.

Arbeidet viser at PP-tenestene har fagleg sterke medarbeidarar, gode arbeidsmiljø og nære relasjonar til skulane og barnehagane. Samstundes er det behov for tydelegare forventningar til PPT og oppveksteiningane, meir samordna arbeidsmåtar og betre rammer for å arbeide med tidleg innsats, førebygging og utvikling av det ordinære opplæringstilbodet.

Eit viktig mål for det vidare arbeidet er å få likare og meir føreseieleg tverrfagleg samhandling i kommunane. I dag varierer både rutinar, møteplassar og organisering. Meir samstemte system, tydelegare roller og tettare samarbeid mellom PPT, skule, barnehage og andre tenester kan bidra til at utfordringar blir fanga opp tidlegare og at fleire barn får hjelp i sitt vanlege læringsmiljø.

Utviklingsarbeidet skal også sjå på korleis kommunane kan dele og bruke spesialkompetanse betre på tvers av PP-tenestene. Det gjeld mellom anna kompetanse innan logopedi, psykologi og andre spesialiserte fagområde. Rapporten peikar vidare på behovet for oppdaterte avtalar, tydelegare styringslinjer og betre kapasitet til fagleg utvikling og systemarbeid.

Styret i Sogn KO handsama 18. august 2026, framlegg om at Oppvekstnettverket skal gå vidare med å ekstern bistand. Utviklinga skal skje trinnvis og med god involvering av dei tilsette og samarbeidstenestene. Målet er ikkje organisatoriske endringar i seg sjølve, men ei PP-teneste som er betre rusta til å støtte skulane og barnehagane, bidra tidlegare i arbeidet rundt barn og unge og gi eit mest mogleg likeverdig tilbod i heile Sogn.

Etter ein anbodskonkurranse er KS Konsulent engasjert til å leie forprosjektet. Prosjektteamet består av Hege-Marte Bucher Johannessen og Kjetil Andreas Hansen. Dei skal bidra med eksternt blikk som oppdaterer og utdjupar det eksisterande kunnskapsgrunnlaget, og omsetje innsikta til tydelege prioriteringar og konkrete tiltak for vidare utvikling av PP-tenestene i regionen.

Les meir om utviklingsprosjektet knytt til PPT her.


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Sognarådet samla seg om viktige prioriteringar for Sogn