PPT

Samandrag

PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) i Sogn er i dag organiserte gjennom dei to interkommunale samarbeida Sogn PPT og PPT Indre Sogn. Eit innsiktsarbeid gjennom hausten 2025 og vinteren 2026 har kartlagt styrkar og utfordringar i dagens tenester.

Målet i det vidare arbeidet er å sikre at PP-tenestene er rusta til å møte nye krav i opplæringslova, styrkje innsatsen for tidleg hjelp og sikre tilgang på nødvendig kompetanse i heile regionen.

 

Status

Innsiktsarbeidet viser at PP-tenestene i regionen har sterke fagmiljø, høg kompetanse og gode relasjonar til skular og barnehagar. Samstundes peikar rapporten på utfordringar knytte til kapasitet, organisering, samhandling og ulik praksis mellom kommunane.

På oppdrag frå styret i Sogn KO følgjer oppvekstnettverket opp arbeidet med å utvikle framtidas PPT i Sogn. Arbeidet omfattar fagutvikling, systemarbeid og vidareutvikling av samarbeidet mellom kommunane og PP-tenestene.

Oppvekstnettverket gjennomfører desse aktivitetane hausten 2026:

  • Opprette eit regionalt fagutviklingsprosjekt der målet er å setje retninga for framtidas PPT i Sogn

  • Arbeide for likare tverrfagleg samhandling om laget rundt barnet i region Sogn

  • Oppdatere rammevilkår og styringslinjer for PPT for å sikre forsvarleg og føreseieleg drift

  • Etablere eit formelt samarbeid om spesialkompetanse mellom PP-tenestene

Det er ikkje teke stilling til framtidig organisering av PP-tenestene. Arbeidet i denne fasen handlar om eit regionalt utviklingsarbeid for framtidas PPT og styrking av systemarbeidet i oppveksttenestene i regionen.

Styret i Sogn KO har gitt oppvekstnettverket ansvar for å følgje opp utviklingsarbeidet.

Ekstern konsulentbistand vert nytta for analyse, struktur og eksternt blikk.

 

Fakta om prosjektet

Oppdragsgjevar:
Sogn KO

Styringsgruppe:
Oppvekstnettverket

Prosjektmedarbeidarar:
PPT-leiarar og kommunalsjefar

Kontaktperson:
Ingrid Steine Bortne, programleiar Sogn KO
E-post


 

Artikler om prosjektet

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

EU-samarbeid

Neste
Neste

Kart, oppmåling og GIS