EU-samarbeid

Samandrag

På initiativ frå arbeidsutvalet i Sognarådet IPR handsamar alle dei 6 kommunane hausten saker om samhandling med Europa.

Satsinga handlar om å gi kommunane i Sogn betre tilgang til kunnskap, nettverk og finansiering gjennom eit meir koordinert internasjonalt samarbeid. Målet er å bruke europeiske verkemiddel til å løyse konkrete utfordringar innan samfunns- og næringsutvikling i regionen.

Arbeidet skal vere langsiktig, realistisk og godt forankra. Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor, samarbeid med regionale fagmiljø og deltaking i relevante prosjekt ønskjer Sogn å styrkje si rolle som ein framtidsretta og internasjonalt orientert region.

 

Status

Sognaregionen ønskjer å styrkje samarbeidet med Europa gjennom meir målretta bruk av EU-program, internasjonale nettverk og europeiske samarbeid. Bakgrunnen er at mange av dei viktigaste utviklingsutfordringane i regionen, som grøn omstilling, rekruttering, kompetanse, digitalisering og næringsutvikling, også står sentralt på den europeiske dagsorden. Gjennom eit meir aktivt EU-engasjement kan kommunane få tilgang til ny kunnskap, relevante partnarar og finansieringsmoglegheiter som kan bidra til lokal og regional utvikling.

Arbeidet byggjer vidare på vedtak i både arbeidsutvalet til Sognarådet IPR og styret i Sogn KO våren 2026. Her vart det slått fast at regionen bør ha ei langsiktig og koordinert tilnærming til internasjonalt samarbeid. Som første steg vert det lagt opp til å utvikle felles kunnskap, kartleggje aktuelle fagmiljø og identifisere område der Sogn har særlege føresetnader for å lukkast i europeiske samarbeid.

Eit sentralt tiltak er samordna medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor. Kontoret fungerer som ein inngang til EU-systemet og gir tilgang til nettverk, informasjon om programutlysingar, politikkutvikling og mogelege samarbeidspartnarar. Målet er ikkje at medlemskap i seg sjølv skal gi prosjekt, men at kommunane skal stå betre rusta til å forstå, påverke og nytte dei moglegheitene som finst gjennom EU og EØS-samarbeidet.

Det er føreslått at Sogn i første omgang prioriterer område som ligg i regionalplanen. Desse temaa samsvarar både med regionale utfordringar og dei satsingane som i dag har stor merksemd i europeiske program og finansieringsordningar.

Arbeidet skal vere praktisk og bygge på eksisterande ressursar og fagmiljø i regionen. Det er allereie fleire aktørar i Sogn som deltek i internasjonale prosjekt, mellom anna innan energi, utdanning, forsking og innovasjon. Gjennom betre koordinering mellom kommunane, Sogn KO, næringslivet, forskingsmiljøa og utdanningsinstitusjonane ønskjer regionen å utvikle fleire prosjekt og skape større verdi av dei moglegheitene som finst internasjonalt. Ein viktig milepåle blir studieturen til Brussel under European Week of Regions and Cities hausten 2026, der både kommunar, næringsliv og offentlege aktørar skal delta.

 
 
 

 

Artikler om prosjektet

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Næringsutvikling i Sogn

Neste
Neste

PPT