Studietur i samband med den europeiske regionveka

 

Brussel får storfint besøk frå Sogn når European Week of Regions and Cities går av stabelen 12. - 14. oktober

Representantar frå kommunane, næringslivet, kunnskapsmiljø og offentlege verksemder i Sogn reiser til Brussel for å delta på veka, som er den største europeiske møteplassen for regional utvikling og samarbeid. Arrangementet samlar kvart år tusenvis av deltakarar frå heile Europa for å dele erfaringar og diskutere framtidas løysingar innan mellom anna grøn omstilling, digitalisering, kompetanseutvikling og attraktive lokalsamfunn.

Studieturen er ein del av det regionale arbeidet med å styrkje kontakten mellom Sogn og Europa og Europa. Målet er å gi politisk og administrativ leiing betre innsikt i EU-systemet, bli kjend med Vest-Norges Brusselkontor og utforske korleis europeiske samarbeid og støtteordningar kan bidra til utvikling i regionen vår.

Programmet omfattar møte med sentrale norske aktørar i Brussel, deltaking på konferansearrangement og faglege samlingar der deltakarane får innblikk i aktuelle prosjekt og moglegheiter for finansiering gjennom EU-program. Turen skal òg bidra til å bygge nettverk og identifisere konkrete prosjektspor som kan vere relevante for kommunane, næringslivet og fagmiljøa i Sogn.

Gjennom studieturen ønskjer regionen å bygge kompetanse og skaffe erfaringar som kan danne grunnlag for ei meir strategisk og målretta satsing på internasjonalt samarbeid i åra som kjem. Målet er ikkje berre å hente kunnskap frå Europa, men også å posisjonere Sogn som ein aktiv partnar i utviklinga av framtidige løysingar på felles utfordringar.

Forrige
Forrige

Sogn KO støttar framlegg til nye reglar for interkommunalt samarbeid

Neste
Neste

No etablerer vi ei ny barnevernteneste