No etablerer vi ei ny barnevernteneste
Arbeidet med å etablere den nye interkommunale barnevernstenesta held fram med høg aktivitet og godt engasjement frå dei tilsette. 27. august vart den tredje felles samlinga gjennomført på ViteMeir på Kaupanger, der medarbeidarar frå dei involverte kommunane møttest for å arbeide vidare med førebuingane fram mot oppstart.
Samlinga er ein viktig del av prosessen med å byggje den nye organisasjonen. Målet har vore å dele informasjon om status i arbeidet, følgje opp sentrale prosessar innan HR og rekruttering, og vidareutvikle dei ulike arbeidspakkane som skal legge grunnlaget for den framtidige tenesta.
Gjennom dagen fekk deltakarane oppdateringar frå arbeidsgruppene og høve til å arbeide vidare med konkrete oppgåver og løysingar. Samstundes vart det sett av tid til kulturbygging og relasjonsarbeid. Å skape eit felles fagmiljø og ein sterk organisasjonskultur er ein viktig del av etableringsarbeidet, og samlingane gir verdifulle arenaer for samarbeid og erfaringsdeling på tvers av kommunane.
Den nye barnevernstenesta skal byggjast på høg fagleg kvalitet, gode arbeidsprosessar og eit tett samarbeid mellom medarbeidarane. Arbeidet så langt viser eit stort engasjement blant dei tilsette, og samlingane bidreg til å sikre framdrift og felles retning i etableringsprosessen.
Det er framleis mykje arbeid som skal gjerast før den nye tenesta er fullt operativ, men etableringa er godt i gang. Med tre gjennomførte samlingar og aktive arbeidsgrupper tek prosjektet stadig nye steg mot målet om ei robust og framtidsretta barnevernsteneste til beste for barn, unge og familiar i regionen.