Ny kaptein på skuta
Gunn Lerøy
Siri Fahlvik Pettersen
Gunn Lerøy, kommunedirektør i Lærdal, er ny styreleiar i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap.
Det er representantskapet, dei 6 ordførarane i Sogn, som vel styre, leiar og nestleiar i Sogn KO. I sitt møte 15. juni valde dei Gunn Lerøy til leiar, og Jon Bolstad, kommunedirektør i Luster, til nestleiar.
Siri Fahlvik Pettersen har sin siste arbeidsdag som kommunedirektør i Vik 31. august, og Gunnhild Berge Stang erstattar Siri både som kommunedirektør i Vik og som styremedlem i Sogn KO.
-Eg gler meg til å bidra som leiar for tenestesamarbeidet for kommunane i Sogn, seier Gunn Lerøy. -Dei siste åra har vi kome tettare på kvarandre, og eg opplever at vi ønskjer å få til noko i lag.
Siri Fahlvik Pettersen har vore styreleiar i ca 1,5 år:
-Ei flott reise å vere med på. Vi har allereie landa ein del av samarbeida vi hadde på ambisjonslista vår. -Er trur framleis det er meir enn nok av tenester der kommunane bør finne i lag, så Gunn blir nok ikkje arbeidsledig
På styremøtet i Sogn KO 18. august vart leiarskiftet markert med kake og rungande applaus og gode ord frå påtroppande styreleiar:
-Under Siri si leiing har vi teke viktige steg vidare som regional samarbeidsarena. Ho har bidrege til å styrkje samarbeidet mellom kommunane, følgt opp ei rekkje strategiske utviklingsprosjekt og vore ein sentral pådrivar for å utvikle meir forpliktande og framtidsretta samarbeid i regionen.
Den nye styreleiaren tek over i ei tid der Sogn KO har høg aktivitet og fleire viktige prosessar på gang:
-Med brei deltaking frå kommunane og eit stadig tettare samarbeid ligg forholda godt til rette for å vidareutvikle Sogn som ein attraktiv region å bu, arbeide og drive næring i.
Vi ønskjer Gunn Lerøy lukke til i rolla som ny styreleiar og takkar Siri Fahlvik Pettersen for innsatsen, engasjementet og det viktige arbeidet ho har lagt ned for det interkommunale samarbeidet i Sogn.