Ønskjer ein plan som kan brukast

Sognatinget har vedteke Sognaregionen si høyringsuttale til Regional plan for areal og mobilitet. Sognatinget vil at planen skal hjelpe kommunane med det dei ikkje løyser kvar for seg.

Sognaregionen stilte har stilt spørsmål om kva som blir enklare for kommunane den dagen planen blir vedteken. Regionen meiner sjølv at dette ligg i det som kryssar kommunegrensene. Fjorden og strandsonene, høgfjellet mellom kommunane, villreinområda, massehandtering og areal til næring som treng mykje plass er døme på dette. Her meiner Sognatinget at fylkeskommunen bør vere pådrivar, kome med kunnskap og gi råd.

Handlingsprogrammet til planen seier mykje av det same. «Det som manglar er tidfesting og ressursar», står det i uttalen.

Kunnskap om naturen

Planen seier sjølv at om lag 80 prosent av arealreservane i fylket ikkje er kartlagde. Ein kommune som ikkje kan dokumentere naturverdiane på eit areal, må handsame det etter føre-var-prinsippet. Fylkeskommunen har fagmiljø som kan levere kartlegging og metodikk. Det kan ikkje kommunane lage kvar for seg.

Presise retningsliner

Planen har 46 retningsliner. «Vi ber ikkje om mjukare formuleringar. Vi ber om presise», heiter det i uttalen. Ei upresis formulering skapar berre meir frustrasjon og byråkrati.

Vidare ber Sognatinget om at retningslinene skil mellom ulike kommunar. I dag «får Bergen og Vik same krav». Uttalen viser til at Trøndelag skil mellom presskommunar og distriktskommunar med svak vekst. Oslo og Akershus deler kommunane i tre kategoriar, og har eit eige omgrep, vedlikehaldsvekst, for den veksten mindre tettstader treng for å halde folketalet oppe. Planprogrammet for Vestland varsla ei liknande inndeling, og Sognatinget lurer på kvifor dette fall bort.

Kostnaden ved å følgje retningslinene

Fleire retningsliner føreset utgreiingar som handelsanalyse, energianalyse og anna  kartlegging. Det er mykje arbeid for ei planavdeling med to eller tre årsverk. I dette arbeidet ber Sognatinget om at fylkeskommunen bidreg med meir enn metodestøtte.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Reiseliv og landbruk bør få plass