Sognatinget har vedteke Sognaregionen si høyringsuttale til Regional plan for verdiskaping og kompetanse. Sognatinget ber om at reiselivet blir ei prioritert verdikjede, og at landbruket blir omtala som næring.
På side 6 reknar planen reiselivet som ei av dei eksportretta verdikjedene i fylket. «Tre sider lenger bak er det gløymt», heiter det i uttalen. Dei prioriterte verdikjedene er energi, marine næringar, prosessindustri og maritim transport. I handlingsprogrammet er reiselivet berre nemnt under sirkulær ressursbruk.
For Sogn er reiselivet ei av dei viktigaste næringane. Veksten gir både arbeidsplassar og utfordringar. Besøksforvaltninga ligg hos kommunane, næringa og destinasjonsselskapa. Sognaplanen ønskjer å etablere ein felles besøksstrategi, og regionen har utarbeida ei tolegrenseanalyse.
Reiselivet treng også kompetanse. Rekrutteringstiltaka i restaurant- og matfag, der den vidaregåande skulen og næringslivet samarbeider, har gitt fleire søkjarar.
Sognatinget ber om at reiselivet blir ei prioritert verdikjede, med strategiar for kompetanse og besøksforvaltning.
Landbruket er også ei næring
I planen er landbruket først og fremst beredskap. Samhandling mellom jordbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri skal gi betre forsyningstryggleik for mat. «Det er vi samde i», skriv Sognatinget. Men landbruket er også ei viktig næring, der mykje av verdiskapinga skjer i vidareforedlinga.
Uttalen nemner Lerum, Balholm, Sogn Frukt og Grønt, Sider frå Sogn og Siderklynga i Hardanger. Dei viser korleis foredling og eigne merkevarer held meir av verdien i regionen. Lokalmat kan også koplast til reiselivet.
Skal Vestland bli mindre avhengig av importert mat, må det løne seg å produsere og foredle mat i fylket.