Kva kompetanse treng Sogn? Måndag 30. november inviterer Kompetanseforum Sogn til stormøte på Campus Sogndal. Bli med og finn løysingar for framtidas arbeidsliv.
Foto: Falkeblikk/HVL
På «Framtidas kompetanse i Sogn» møtest arbeidslivet, kommunane og utdanningsaktørane for å utforske kompetansebehova i regionen og prioritere konkrete tiltak og vidare samarbeid.
Gjennom korte innleiingar, samtalar og ein KI-assistert verkstad får du bidra med behov og idear til løysingar for regionen.
Framtidas kompetanse i Sogn
Samlinga er open for alle som er opptekne av kompetanse i Sogn – frå leiarar og tillitsvalde til studentar og elevar.
Måndag 30. november 2026, Campus Sogndal, Svingen
Kl. 12.00–15.00. Mingling, kaffi og lett servering frå kl. 11.30.
Påmeldingsfrist: 23. november
Les meir og meld deg på stormøtet
Start dagen med dialog om teknologikompetanse
Kl. 10.00–11.30 inviterer Sognaregionen og Høgskulen på Vestlandet til «Dialog om teknologikompetanse i Sogn» i møterom Ålfoten i Høgskulebygget, 1. etasje.
Høyr om fleksible teknologistudium og spel inn kva di verksemd treng innan elektro- og informasjonsteknologi. Målet er utdanningstilbod som møter behova i arbeidslivet i Sogn.