Om arrangementet
Sognaregionen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) inviterer arbeidslivet i Sogn til dialog om korleis HVL sine teknologistudium kan innrettast for å møte kompetansebehova i regionen. Særleg fokus vert elektroteknologi og informasjonsteknologi.
HVL har dei siste åra utvikla meir fleksible utdanningsmodellar som gjer det mogleg å kombinere utdanning med jobb. Dette gjeld mellom anna eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium i elektroteknologi i Førde.
Frå 2027 lanserer HVL eit nytt studium i informasjonsteknologi, produktutvikling og teknologileing i Førde, eit studium tilpassa nye krav til kunnskap og kompetanse i ei tid med meir KI-assistert systemutvikling. Det nye studiet er også åpner for utvida praksisopphald i bedrift i siste studieår.
På møtet vil HVL informere om tilboda og invitere til dialog om framtidige kompetansebehov i. I lag med deg ønskjer vi å utforske korleis utdanningane kan bli relevante for arbeidslivet i Sogn, og kva moglegheiter som finst for samarbeid og tilrettelegging slik at fleire kan utvikle teknologikompetansen sin i Sogn.
Møtet finn stad 30. november kl. 10-11.30 på møterom Ålfoten i Høgskulebygget, 1. etasje.
Same dag kan du melde deg på arrangementet Framtidas kompetanse i Sogn.
Foto: Falkeblikk, HVL