Om arrangementet
Kva kompetanse treng vi for å drifte og utvikle framtidas Sogn? Kva kan arbeidslivet, kommunane og utdanningsaktørane gjere saman, og kva bør vi prioritere først?
Kompetanseforum Sogn inviterer til eit annleis stormøte om kompetanse, utdanning og arbeidsliv i regionen. Gjennom korte innleiingar, samtalar og verkstad skal vi utforske utviklingstrekka, løfte fram behova i arbeidslivet og sjå nærare på kva utdanningsaktørane kan bidra med.
Samlinga blir organisert som episodar i podcastserien «Framtidas kompetanse i Sogn». Deltakarane blir inviterte inn i arbeidet undervegs, mellom anna gjennom bruk av KI-verktøy til å samle, sortere og vidareutvikle innspela.
På programmet
Kva er dei viktigaste utviklingstrekka og moglegheitene for Sogn?
Kva kompetanse treng arbeidslivet no og framover?
Korleis møter utdanningsaktørane behova?
Kva kan vi bli særleg gode på i Sogn?
Kva tiltak skal vi prioritere og arbeide vidare med?
Målet er ikkje berre å diskutere utfordringane, men å bli samde om konkrete prioriteringar og eit vidare samarbeid.
Program
11:30
Mingling, kaffi og lett servering
12:00
Møtestart
15:00
Vel heim
Framtidas kompetanse i Sogn
Ein Podcastserie frå Sognaregionen
Episode 1: Velkommen til Kompetanseforum Sogn
Episode 2: Konteksten vår
Episode 3: Kva treng arbeidslivet?
Episode 4: Kva rolle tek utdanningsaktørane?
Episode 5: Korleis løyser vi det?
Episode 6: Action!