Kompetanseforum Sogn

 

Kompetanseforum Sogn er ein del av Vestland fylke sin samarbeidsmodell for regionalt kompetansearbeid. Målet er å bidra til at utdanningstilboda svarar på kompetansebehova i arbeidslivet, slik at arbeids- og næringsliv får tilgang til den kompetansen dei treng

Forumet sine oppgåver er å ha oversikt over framtidige kompetansebehov i regionen, leggje til rette for samarbeid mellom aktørane og fremje løysingar som kan styrkje tilgangen på arbeidskraft. Kompetanseforum Sogn gir òg innspel til dimensjonering og utvikling av utdanningstilbod i regionen.

Gjennom erfaringsdeling og samarbeid løftar forumet fram gode tiltak og prosjekt som bidreg til å møte kompetanseutfordringane i Sogn

Kompetanseforum Sogn består av deltakarar frå utdanningsinstitusjonar, næringsliv og offentlege aktørar i regionen.

Kompetanseforum Vestland er styringsgruppe for arbeidet.


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Plannettverket

Neste
Neste

Leiarnettverket