Leiarnettverket
Leiarnettverket i Sogn er ein arena for strategisk samarbeid mellom leiarar frå offentlege og private verksemder i heile Sogneregionen. Nettverket arbeider for nyskaping, utvikling av nye tenester og etablering av nye arbeidsplassar i regionen.
Nettverket samlar leiarar frå sentrale kompetanse- og arbeidsplassmiljø innan offentleg forvaltning, næringsliv, forsking, teknologi, energi, rådgjeving og regional utvikling. Gjennom regelmessige møte deler deltakarane kunnskap om utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter, og identifiserer område der samarbeid kan styrkje regionen.
Leiarnettverket har særleg fokus på kompetanse, rekruttering, omstilling og regional attraktivitet. Nettverket følgjer også nasjonale og regionale prosessar som kan påverke arbeidsplassar, samfunnsutvikling og lokalisering av offentlege og private funksjonar i Sogn. Målet er å vere tidleg ute med å identifisere moglegheiter og mobilisere aktørar i regionen når nye initiativ og satsingar oppstår.
Eit viktig arbeidsområde er samarbeidet mellom arbeidslivet og utdannings- og forskingsmiljøa i regionen. Nettverket arbeider for at utdanningstilbod, forsking og kompetanseutvikling skal møte framtidige behov innan mellom anna teknologi, energi, byggfag, reiseliv, offentleg forvaltning og digitalisering.
Gjennom dialog, kunnskapsdeling og felles initiativ bidreg leiarnettverket til å styrkje Sogn som ein attraktiv bu-, arbeids- og etableringsregion. Nettverket skal bidra til at regionen står sterkare i møte med framtidige utfordringar og moglegheiter.
Leiarnettverket vert leia av direktør Anne Karin Hamre og Vestlandsforsking fungerer som sekretariat for nettverket. Nettverket samarbeider tett med Sognaregionen om oppfølging av saker og initiativ som er viktige for utviklinga av regionen.