Flyplassutvalet
Flyplassutvalet i Sogn er etablert for å samle og koordinere regionen sitt arbeid knytt til utviklinga av flytilbodet ved Sogndal lufthamn, Haukåsen. Utvalet skal arbeide for å sikre og vidareutvikle eit flytilbod som støttar regional utvikling, verdiskaping, offentlege tenester og mobilitet for innbyggjarar, næringsliv og reiseliv i Sogn. Mandatet til utvalet er å vere eit felles organ for koordinering og påverknad i saker som gjeld flyplassen og flytilbodet i regionen.
Flyplassutvalet vert leia av ordføraren i Sogndal kommune, som vertskommune for flyplassen. Utvalet er sett saman av representantar frå offentlege og private arbeidsplassar i heile regionen, inkludert verksemder som er avhengige av flytransport næringsutvikling og varetransport. Flyplassjefen ved Sogndal lufthamn har møterett i utvalet og Sognaregionen sin administrasjon fungerer som sekretariat.
Gjennom flyplassutvalet arbeider regionen med å samle kunnskap om bruk, behov og effektar av flytilbodet. Utvalet følgjer utviklinga i rammevilkår, rutetilbod og nasjonale prosessar som påverkar lufthamna, og gir samordna innspel i saker som har betydning for framtida til flyplassen og flyrutene til og frå regionen.
Flyplassutvalet har særleg fokus på å sikre eit stabilt og framtidsretta flytilbod med gode samband til resten av landet. Dette omfattar mellom anna arbeidet med FOT-rutene, regularitet, korresponderande transportløysingar og andre forhold som er viktige for næringsliv, utdanning, helse, forsking, offentlege tenester og reiseliv i Sogn.
Gjennom kunnskapsgrunnlag, dialog og påverknadsarbeid skal flyplassutvalet bidra til at Sogn står samla i viktige samferdselspolitiske spørsmål. Målet er å sikre ei tydeleg regional stemme og eit flytilbod som styrkjer konkurransekrafta, attraktiviteten og utviklingsmoglegheitene til heile Sognaregionen.