Regionsamarbeidet gir resultat - og skal bli betre

Kommunane i Sogn løyser fleire oppgåver saman og står saman i viktige saker. På Sognatinget 9. november drøfta deltakarane kva som fungerer og kva som må bli betre. – Det er som eit kjærleiksforhold. Vi er forbi datingperioden, men vi er endå ikkje gifte, oppsummerte leiar Stig Ove Ølmheim.

Sognatinget evaluerte regionsamarbeidet og peika retninga vidare på møtet i Årdal Teknologipark

Hausten 2023 fekk regionsamarbeidet ny form. Sognarådet IPR, eit interkommunalt råd, tek seg av politikken. Sogn KO, eit oppgåvefellesskap, løyser oppgåver for kommunane i fellesskap. Sidan har Sognateamet, administrasjon til regionen, blitt utvida. Meir av dialogen og politikkutviklinga skjer no på Sognatinget, der formannskapa i dei seks kommunane møtest. Etter tre år var det tid for å gjere opp status.

Fleire tenester i fellesskap

Fleire tenestesamarbeid som låg på vent, er no i gang. Ein kommune som driv tenesta for fleire blir kalt vertskommune:

  • Vik er vertskommune for Skog i Sogn

  • Luster har ansvar for kart, oppmåling og GIS

  • Sogndal blir vertskommune for barnevern og for miljø og ureining

  • Årdal blir vertskommune for Nav-samarbeidet

Regionen har utvikla felles politikk og sendt felles fråsegner om samferdsle, skule og helse. Deltakarane meiner tenestesamarbeida, utviklingsarbeidet, fråsegnene og at kommunane kjenner kvarandre betre, er dei viktigaste resultata dei siste åra.

Dette må bli betre

Deltakarane vil ha tydelegare prioriteringar, større involvering av kommunestyra og betre kommunikasjon med innbyggjarane. Regionen må stå meir samla, ta dei vanskelege diskusjonane og setje agendaen sjølv.

– Vi kan ikkje berre vente på at andre løftar problemstillinga og så diskutere svaret. Vi må sjølve peike ut kva som er viktig for Sogn, og arbeide saman for å få det til, seier politisk koordinator Yngve Hallén.

Samferdsle, beredskap, helse og kompetanse vart løfta fram som viktige område vidare. Deltakarane ønskjer også fleire tenestesamarbeid, meir bulyst og ein sterkare felles arbeidsmarknad. Fleire peika på tettare kontakt med ungdomsråda og ein regional møteplass for ungdom.

Neste
Neste

Tre søknader for betre tenester