Kommunane i Sogn vil vidareutvikle samarbeidet med reiselivsnæringa og skape tydelegare og meir føreseielege rammer for den framtidige satsinga på reiseliv. No startar arbeidet med ei ny innretning frå 2028, og reiselivsnæringa skal involverast tett i prosessen.
Styret i Sogn KO har handsama ei felles sak om framtidig finansiering og organisering av kommunane sitt arbeid med reiseliv. Bakgrunnen er eit arbeid som har gått føre seg over tid, med mål om å få tydelegare avklaringar av ansvar, oppgåver og finansiering mellom kommunane, reiselivsnæringa og det regionale nivået.
Reiselivet er ei viktig næring for Sogn, og kommunane ønskjer å ta vare på styrken som ligg i eit godt regionalt samarbeid. Samstundes har både behova og rammevilkåra endra seg sidan dagens finansieringsmodell vart etablert. Målet med arbeidet er derfor å utvikle samarbeidet vidare.
– Vi er glade for den gode og konstruktive dialogen vi har med kommunane. Det viktigaste no er å ta vare på eit sterkt reiselivssamarbeid i Sogn og sikre at næringa får gode rammer også framover, seier styreleiar May Lene Steinheim Lunden i Visit Sognefjord.
Retninga det no vert arbeidd vidare i, representerer eit tydelegare skilje mellom støtte til regionale fellesoppgåver og kjøp av tenester. Mellom områda som skal vurderast nærare er besøksforvaltning, vertskap, turistinformasjon og utviklingsarbeid.
Eit viktig neste steg blir å gå i dialog med reiselivsnæringa i Sogn om behova. Dette innsiktsarbeidet skal gi grunnlag for å utvikle ei mogleg regional tilskotsordning og avklare kva tenester kommunane har behov for å kjøpe i framtida.
– Vi opplever at vi i store trekk er samde om retninga vidare. Kommunane ønskjer eit sterkt reiseliv i Sogn, samtidig som vi som kommunar må ta vår rolle som vertskapskommunar på alvor. Saman med næringa skal vi få fram behova og finne ei god innretning på arbeidet. Målet er tydelege roller, godt samarbeid og føreseielege rammer, seier styreleiar Gunn Lerøy i Sogn KO.
Som ein del av omlegginga er det foreslått at dagens medlems- og marknadsavtalar vert avslutta frå 1. januar 2028 og erstatta av ein ny modell. Dette inneber ikkje endringar i kommunane sitt eigarskap i Visit Sognefjord. Perioden fram til 2028 skal nyttast til å greie ut behov, økonomi, ansvar og organisering og god politisk forankring i kommunane.
Etter den politiske handsaminga i kommunane er det lagt opp til felles innsiktsarbeid i første del av 2027. Deretter skal løysingar for tilskot og eventuelle tenestekjøp utviklast. Ny ordning skal vere på plass frå 1. januar 2028.