Sognatinget har vedteke Sognaregionen si høyringsuttale til Regional plan for areal og mobilitet. Tinget ønskjer at ungdom vert prioritert , og at Sogn blir pilotområde for nye løysingar.
Sognatinget saknar eit klart mål om at ungdom skal prioriterast. Planen nemner unge og eldre i same setning, men dei har ulike behov. Ein kommune som mistar dei unge, mistar også bulyst, attraktivitet og arbeidsplassar. Planen dokumenterer sjølv at distriktskommunar med små bu- og arbeidsmarknader og fallande del i arbeidsfør alder er mest utsette. Sognatinget ber om eit eige mål for ungdom, også utanfor bergensområdet.
I uttalen skriv Sognatinget: «Mobilitet for unge er difor ikkje eit velferdstiltak. Det er bulystpolitikk, og billegare i lengda enn alternativet.»
Start med kvar folk skal
Fylkeskommunen peiker sjølv på at hovudutfordringa i distrikta er eit minimumstilbod for dei som ikkje kan eller vil køyre. Sognatinget meiner svaret ikkje alltid er ei ordinær bussrute der få reiser. Bestillingstransport, samkøyring, utvida skuleskyss og samordning med helsetransport kan gi eit betre tilbod for same krone.
Ein del utgreiingsarbeid er alt ferdig. «Gjennomføringa må på plass», står det i uttalen.
Rutene må henge saman
Uttalen nemner ein buss som går kvarteret før ferja legg til, og eit fly som landar etter siste ferjeavgang. Det gjer tilbodet ubrukeleg same kor mange avgangar det er. Sognatinget ber fylkeskommunen ta ansvar for at ferje-, båt-, buss- og flyruter heng saman, sjølv om det er ulike tilbydarar på rutene.
Sogn som pilot
Handlingsprogrammet til planen varslar ein strategi for rutetilbod utanfor bergensområdet. Sognatinget ber om at strategien tek utgangspunkt i behovet, og at Sogn blir vurdert som pilotområde for nye mobilitetsløysingar.