Felles barnevern i Sogn
Samandrag
Dei 6 kommunestyra i Sogn vedtok vinteren 2025/2026 å etablere ei ny felles barnevernsteneste. Sogndal er vertskommune og tenesta får kontor på begge sider av fjorden, i Lærdal og i Sogndal. Kommunane stiller med høvelege lokale for møte med barna og familiane i alle kommunane.
Gjennom 2026 er alle dei tilsette i dei 3 eksisterande tenestene involvert i utviklinga av den nye tenesta. Prosjektet er organisert med arbeidspakker, prosjektleiar, prosjektstab, med ei styringsgruppe med dei ansvarlege kommunalsjefane frå alle kommunane, Sogn KO og representantar for dei tilsette.
Tenesta skal vere etablert og i drift frå 1. januar 2027.
Bakgrunn og status
Utgreiinga frå KS Konsulent vurderer om Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal bør etablere ei felles interkommunal barnevernteneste. Bakgrunnen er nasjonale krav til kompetanse, kvalitet, dokumentasjon og rettstryggleik, kombinert med utfordringar knytt til små og sårbare fagmiljø. Rapporten peikar på at større fagmiljø gir betre rekruttering, meir spesialisert kompetanse, større robustheit ved sjukdom og turnover, og betre moglegheiter for fagutvikling.
KS Konsulent tilrår at dei seks kommunane etablerer eit administrativt vertskommunesamarbeid med Sogndal som vertskommune. Den nye tenesta bør ha hovudkontor i Sogndal og eit tilleggskontor i Årdal eller Lærdal, med totalt om lag 29 årsverk og moglegheit for seinare effektivisering. Rapporten konkluderer med at ei felles teneste vil vere til barnets beste fordi ho gir større fagleg styrke, meir stabile tenester, betre rettstryggleik, meir likeverdig praksis mellom kommunane og betre føresetnader for å møte framtidige krav til barnevernet.
Alle dei 6 kommunane har gjort vedtak om å etablere ei ny felles barnevernteneste med oppstart 01.01.2027. Dei tilsette i dagens tre tenester er no godt i gang med samanslåingsprosessen, og det vert jobba godt i både fellessamlingar og arbeidsgrupper.
Fakta om prosjektet
Prosjektperiode:
2026
Prosjekteigar:
Kommunedirektør, Sogndal kommune
Leiar i styringsgruppa:
Kenth Rune Teigen Måren
Prosjektleiar:
Elin Pettersen
Prosjektressurs:
Torkjel Solbraa
Dokument/informasjon
Videohelsing frå Barne og familieminister Lene Vågslid i samband med oppstart av prosjektarbeidet for dei tilsette i barneverntenestene i Sogn.
Styringsgruppe
Kommunalsjefane:
Kristin Helen Takvam Rekve, Aurland kommune
Knut Åge Teigen, Luster kommune
Camilla Grøttebø, Lærdal kommune
Kenth Rune Teigen Måren, Sogndal kommune
Britt-Marit Stadheim, Vik kommune
Marita Opheim, Årdal kommune
Representantar for dei tilsette:
Liv Mathilde Wigdahl, Årdal
Andrea Vinsrygg Steen / Maia Vetti Grøndal, Sogn Barnevern
Linda Natvik, Aurland/Lærdal
Representant for Sogn KO:
Torgeir Skålid