Næringsutvikling i Sogn

Samandrag

Arbeidet med næringsutvikling i Sogn har som mål å styrkje den samla utviklingskrafta i regionen gjennom betre samordning, tydelegare roller og meir målretta bruk av ressursar.

Mål med arbeidet er etableringa av ei tydeleg arbeidsdeling mellom kommunane si strategiske rolle og eksterne leverandørar si operative rolle.

Næringsnettverket vert vidareutvikla til den viktigaste regionale arenaen for samordning og gjennomføring, Sogn KO tek ansvar for å koordinere tenestekjøp og utvikle eit felles tenestetilbod til næringslivet. Målet er at bedrifter i heile Sogn skal møte ei meir samla, føreseieleg og profesjonell tenestekjede som gir betre støtte til omstilling, vekst og verdiskaping.

 

Samordning av kommunane sitt næringsarbeid

Gjennom dei siste åra har kommunane og Sogn KO, arbeidd systematisk for å styrkje den samla utviklingskrafta i regionen. Eit viktig utgangspunkt har vore erkjenninga av at næringsutviklingsarbeidet var fordelt på mange aktørar, med ulike roller, finansieringsmodellar og arbeidsformer. Gjennom utgreiing og dialog med kommunar, næringsliv og utviklingsaktørar har ein lagt grunnlaget for ein meir samordna modell der kommunane står sterkare saman om felles utfordringar og moglegheiter.

Sogn KO har rolle som regional samordnar og pådrivar i dette arbeidet. Gjennom koordinering av prosessar, dialog mellom kommunane og utvikling av felles løysingar bidreg Sogn KO til å samle kommunane om ein felles retning for nærings- og samfunnsutviklinga. Arbeidet har ikkje hatt som mål å flytte ansvar bort frå kommunane, men å styrkje den strategiske rolla til kvar kommune samstundes som ein nyttar fordelane ved regional samhandling. Sogn KO har òg teke ansvar for å utvikle modellar for koordinerte tenestekjøp og betre samspel mellom kommunar, næringsliv og verkemiddelapparat.

Næringsnettverket har vorte vidareutvikla som den viktigaste operative arenaen for samarbeid mellom kommunane. Nettverket fungerer som møteplass for strategiske utviklingsressursar i kommunane, der ein deler kunnskap, drøftar felles behov og prioriterer satsingar på tvers av kommunegrensene. I løpet av 2026 har mandatet til nettverket vorte tydeleggjort, med sterkare kopling til Sogn KO og ei meir operativ rolle i gjennomføringa av regionale utviklingstiltak. Målet er å redusere fragmentering, styrkje gjennomføringskrafta og sikre betre koordinering av innsatsen i heile regionen.

Eit sentralt tema i arbeidet har vore organiseringa av næringsutviklinga. Tilrådingane som er utarbeidde, legg til grunn at kommunane sjølve skal ha ein tydeleg strategisk ressurs for nærings- og samfunnsutvikling. Denne ressursen skal bidra til lokal forankring, planlegging og prioritering, samstundes som kommunane deltek aktivt i det regionale samarbeidet gjennom næringsnettverket. Modellen inneber ei tydeleg arbeidsdeling der kommunane eig strategien og bestillarrolla, medan operativ utviklingskapasitet og spesialisert kompetanse kan hentast inn gjennom samarbeid og eksterne leverandørar.

Parallelt har det vore lagt ned eit omfattande arbeid knytt til tenestekjøp innan næringsutvikling. Sogn KO har utvikla grunnlaget for meir koordinerte anskaffingar på vegner av kommunane, med mål om å sikre betre kvalitet, tydelegare leveransar og meir effektiv ressursbruk. Tanken er at kommunane gjennom felles kravspesifikasjonar og avtalar skal få tilgang til ein brei tenestekatalog som omfattar mellom anna gründerrettleiing, bedriftsutvikling, prosjektutvikling, kompetansearbeid, grøn omstilling og nettverksbygging. Dette skal gi næringslivet i heile regionen ei meir samla og robust tenestekjede, samstundes som kommunane får større effekt av dei ressursane dei investerer i næringsutvikling.

 

Fakta om prosjektet

Lenke:
Næringsnettverket

Rapport:
Samordna utviklingskraft i Sogn

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Reiseliv

Neste
Neste

EU-samarbeid