Sognarådet samla seg om viktige prioriteringar for Sogn
Arbeidsutvalet i Sognarådet møttest på Saften 21. september. Utvalet slutta seg i hovudsak til tilrådingane og gav tydelege signal om kva regionen skal prioritere framover. Leiaren tok arbeidsutvalet med på ei omvisning i nye Saften som no samlar administrasjonen, kultur, frivilligheit, og idrett i same bygg.
Sognaordførarane poserer utanfor Saften på Leikanger
Vern av Sognefjorden
Kommunane er på ulike steg i høyringa om vern av Sognefjorden. Arbeidsutvalet ønskjer å samordne nokre felles punkt, medan kvar kommune tek hand om lokale merknader. Mellom tema som skal vurderast, er lokal forankring av verneforvaltninga, kartgrunnlaget og handlingsrommet for fjordkryssingar og bruer.
Status for Sogn KO
Dagleg leiar Gunn Lerøy orienterte om aktivitetane i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap med utgangspunkt i denne presentasjonen.
Sogn vil påverke dei nye regionale planane
Arbeidsutvalet meiner dei regionale planane for areal og mobilitet og for verdiskaping og kompetanse er for omfattande og gir for lite tydeleg retning. Høyringsfråsegnene skal særleg løfte fylkeskommunen sitt eige ansvar og behovet for prioriteringar innan vidaregåande opplæring, mobilitet og fylkesvegar, kraft, reiseliv, besøksforvaltning, landbruk og regional balanse. Utvalet ønskjer at høyringsfristen blir utsett til etter Sognatinget 9. november.
Sognatinget på Teknologiveka i Årdal
Sognatinget 9. november blir lagt til Teknologisenteret i Årdal som ein del av Teknologiveka. Programmet kombinerer ein open teknologidel med arbeid om dei regionale planane og evaluering av samarbeidet i Sogn.
Framlegg til budsjett for 2027
Arbeidsutvalet handsama budsjettet for 2027, som vert lagt fram for Sognatinget til vedtak i november. Budsjettramma er på 3,775 millionar kroner og vidarefører dagens aktivitetsnivå. Kommunane sin kontingent vert fordelt med 30 prosent fast del og 70 prosent etter folketal. Arbeidsutvalet kan gjere prioriteringar og justeringar innanfor budsjettramma.
Møteplan for resten av 2026 og for 2027
Møteplanane vart vedtekne. I 2026 blir det møte i arbeidsutvalet og representantskapet i Sogn KO 23. oktober i Sogndal, Sognating 9. november i Årdal og møte i arbeidsutvalet 7. desember i Luster.
I 2027 blir Sognatinget halde i Lærdal 5. april og i Sogndal 8. november. Arbeidsutvalet møtest 29. januar, 1. mars, 7.–8. juni, 27. september og 13. desember.