Sogn veks fram mot 2050

Dei seks kommunane i Sognaregionen vil samla sett ha fleire innbyggjarar i 2050 enn i dag. Det viser SSB sine nyaste befolkningsframskrivingar. Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Vik og Årdal går frå 29 829 innbyggjarar i 2026 til 31 009 i 2050 – ein vekst på 1 180 personar, eller nesten 4 prosent.

Kart over Sogn

Det er ikkje sjølvsagt. Store delar av det tidlegare Sogn og Fjordane går motsett veg, med stagnasjon og nedgang i folketalet dei neste 25 åra. Firda har laga eiga sak på dette: Slik ser framtida ut der du bur

Sogndal og Aurland er drivkreftene

Sogndal veks mest i absolutte tal, frå 12 552 til 14 269 innbyggjarar. Det er ein vekst på 1 717 personar, 13,7 prosent. Aurland har den høgste prosentvise veksten av alle dei 18 tidlegare Sogn og Fjordane-kommunane: frå 1 866 til 2 420 innbyggjarar, ein vekst på 554 personar, 29,7 prosent. Lærdal veks også, meir moderat: frå 2 223 til 2 323, opp 100 personar, 4,5 prosent. Samla står Sogndal, Aurland og Lærdal for ein vekst på 2 371 personar. Luster ligg på det jamne framover, etter å ha hatt vekst i folketalet dei siste åra.

Utfordringane ligg i Årdal og Vik

Årdal og Vik har den klaraste utfordringa i folketalsutviklinga fram mot 2050, med ein venta nedgang i innbyggjartalet. Årdal møter dette aktivt: kommunen har nettopp fått omstillingsstatus, med tilhøyrande midlar til å fornye og styrke næringslivet. Det gir eit konkret verktøy for å vende utviklinga.

Bildet for Sognaregionen er dermed todelt: sterk vekst i Sogndal, Aurland og Lærdal, eit stabilt Luster, og eit reelt arbeid å gjere i Årdal og Vik. Samla peikar likevel pilen oppover for regionen som heilhet.

Slik ser framtida ut der du bur. Om vi skal tru på det, då.

Her finn du oppdatert befolkningsstatistikk frå SSB.


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Sognarådet samla seg om viktige prioriteringar for Sogn

Neste
Neste

Sogn KO lyser ut anbod for næringsutviklingstenester