Miljø og ureining
Sammendrag
Kommunane Luster, Vik, Lærdal og Sogndal har vedteke å etablera eit vertskommunesamarbeid for miljø, ureining og tilsyn av private avløp. Årdal kommune handsamar saka hausten 2026.
Samarbeidet skal styrkje fagmiljøet, gi meir effektiv ressursbruk og sikre likeverdige tenester på tvers av kommunane.
Den nye tenesta skal utføre tilsynsoppgåver av private avløp og forsøplingssaker etter forureiningslova og forureiningsforskrifta.
Vertskommunesamarbeidet blir etablert frå 1. januar 2027.
Status
Kommunane har eit viktig ansvar for å førebyggje og følgje opp ureining. Gjennom vertskommunesamarbeidet ønskjer kommunane å byggje sterkare fagmiljø, sikre meir lik handsaming på tvers av kommunane og nytte ressurane betre. Tenesta skal vere i tråd med nasjonale føringar og lokale behov. Oppgåvene omfattar tilsyn av private avløpsanlegg, oppfølging av forsøpling og ulovleg avfallshandtering.
Tidsplan
September 2026
Oppstartsmøte i styringsgruppa
Godkjenning av prosjektplan
Etablering av prosjektorganisasjon
Oktober 2026
Samordning av rutinar og praksis
Forslag til budsjett og gebyrsatsar
Kompetanseplan og organisering av tenesta
November–desember 2026
Organisasjonen kjem på plass
Kulturbygging og samhandling
Lansering og presentasjon av den nye tenesta
1. januar 2027
Oppstart av vertskommunesamarbeidet for miljø, ureining og tilsyn av private avløp
Fakta om prosjektet
Prosjektperiode:
Juni - desember 2026
Prosjekteigar:
Sogndal kommune
Prosjektleiar:
Olav Øyrehagen
Styringsgruppe:
Jarle Skartun, konst. kommunedirektør Sogndal og leiar i styringsgruppa
Ole Gunnar Krakhellen, ass kommunedirektør Luster
Harald Stadheim, kommunalsjef teknisk, plan og eigedom Lærdal
Mats Sæterlid, konst. kommunalsjef for samfunn, Vik
Ellen Petrine Fretheim, kommunalsjef for teknisk, plan og miljø
Karina Nerland, rådgjevar Sogn KO
Siv Laila Eriksen, Fagforbundet Sogndal
Finansiering:
Sogn KO finansierer arbeidet
Korleis samarbeidskommunane vil løyse oppgåvene
Private avløp
Ureiningsforskrifta slår fast at kommunen har plikt til å følgje opp og gjere tilsyn med avløpsanlegg for å sikra at anlegget ikkje ureinar. Alle anlegg skal ha tilsyn, og det er tilrådd at tilsyn minimum kvart 6. år.
I samarbeidskommunane blir arbeidet med tilsyn med private anlegg løyst av vertskommunesamarbeidet for miljø og ureining.
Forureiningslova § 11-4 opnar for at kommunen kan finansiera arbeidet med private tilsyn ved å krevja inn gebyr frå eigarar av private anlegg. Dette gebyret blir krevd inn årleg, uavhengig om det har vore tilsyn eller ikkje på det aktuelle anlegget. Storleiken på gebyret skal ikkje vera større enn at kommunen får dekka utgifter med administrasjon og utføring av tilsyn.
Dersom tilsynet avdekkjer openberre manglar, lekkasjar eller andre forhold som kan føre til ureining, kan anleggseigar bli pålagt å oppgradera heile eller delar av avløpsanlegget. Før eit slikt pålegg blir gitt, vil eigar motta eit førehandsvarsel med informasjon om kva manglar som er avdekte og kva tiltak som kan bli kravde. Det vil bli sett ein realistisk frist for gjennomføring av nødvendige tiltak, der fristen blir vurdert ut frå kor alvorleg mangelen er.
Forsøpling
Forsøpling er definert slik i § 28 i ureiningslova:
«Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller være til skade eller ulempe for miljøet. Alt av avfall skal deponerast hjå eit godkjent mottak»
Kommunen har ansvar for å følgja opp ureiningssaker. Viss kommunen får melding om forsøpling eller avdekkjer forsøpling skal saka følgjast opp. Kommunen har mynde til å pålegge den ansvarlege å:
rydda opp og fjerna avfall og brukte gjenstandar
sende inn nødvendige opplysningar eller gjennomføre undersøkingar
betale tvangsmulkt dersom avfallet ikkje blir fjerna innan fristen
betale refusjon for oppryddingsarbeid som kommunen har utført
I samarbeidskommunane blir arbeidet med forsøpling og ureining utført av vertskommunesamarbeidet for miljø og ureining.