Om arrangementet
Me ynskjer velkommen til to arrangement på same dag! Fram til lunsj vert det regionalt naturfagsnettverk for mellomsteget, medan det etter lunsj vert lærarkurs for mellomsteget i SMARTare teknologi.
Du kan delta på begge samlingane eller den som høver best for deg og din skule. Det vert gratis lunsj for dei som deltek heile dagen.
Samlingane er eit samarbeid mellom ViteMeir, Ungt Entreprenørskap Vestland og System for styrka læring.
Program
09:00- 11:00 Naturfagnettverk v/ ViteMeir
11:00- 11:40 Lunsj i SmakeMeir
11:40- 15:00 Lærarkurs SMARTare teknologi v/ Ungt Entreprenørskap Vestland
Påmeldingsfrist: 3.desember kl 23 via den grøne knappen over.
Velkommen!
Viktig informasjon
Stad: ViteMeir, Skarpeteigvegen 2, Kaupanger
Tidspunkt: Torsdag 10.desember kl 09.00- 15.00 (eller halv dag om du berre deltek på ei av samlingane)
Målgruppe: Lærarar på mellomtrinnet
Lunsj: Det er gratis lunsj for deltakar som er med heile dagen
Deltakaravgift: Samlinga vert dekka av regionale midlar
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no
Mob: 48 25 03 06.