SSL kkalender↘
Sognatinget - verkstaden vår for utvikliing av regional politikk for Sogn.
Regional planleggingsdag for tilsette i barnehagane
Lenkje til Teams vert sendt ut til styrarane i veke 44.
Fagnettverk for tilsette i SFO
Om arrangementet
Vaksenrolla i SFO
Trygge vaksne med reguleringskompetanse
Korleis vera trygg, tydeleg og tilstades?
Barn treng vaksne som toler følelsane deira, som set trygge grenser og ivaretek relasjonen. Korleis kan vi stå stødig i krevjande situasjonar, og korleis jobbe med gruppa for å redusere uro? Med fagleg forankring og eksempel frå praksis set vi søkelyset på kva som faktisk verkar i møte med barn.
Beate Gauden og Julie Farestveit Andreassen er spesialpedagogar/spesialkonsulentar ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, RVTS Vest. Begge har master i spesialpedagogikk og brei erfaring frå fagfeltet. Julie har god erfaring frå barnehage, vidaregåande skule og bufellesskap. Beate har lang erfaring som leiar i PPT, barnehage og som skulesjef og leiing av tverrfaglege prosjekt.
Begge er genuint opptekne av dei barna/ungdomane som er vanskelege å hjelpa eller vanskeleg å lika fordi dei har sterke reaksjonar og utfordrar i møte med barnehage, skule, SFO og hjelpetenester.
Dei kjem til Sogndal oppdaterte på nyaste forsking innan feltet, og har med seg mange konkrete tips og eksempel frå praksis.
Program
08.30- 09.00: Registrering, kaffi/te. Pausemat er tilgjengeleg innerst i konferansegangen frå 10-14.
09.00- 09.05: Velkommen v/ Lene Nornes Madsen og Gry Anita Sviggum, leiarar av SFO sitt regionale leiarnettverk
09.05- 10.00: Fagleg økt del 1
10.00- 10.15: Pause
10.15- 11.00: Fagleg økt del 2
11.00- 12.00: Lunsj (2-rettars)
12.00- 13.00: Fagleg økt del 3
13.00- 13.15: Pause
13.15- 14.20: Fagleg økt del 4
14.20- 14.30: Avslutning og evaluering med QR-kode
Det blir veksling mellom føredrag, summe- og diskusjonsoppgåver gjennom dagen.
Kikk gjerne på desse to lenkjene før samlinga:
· Den inkluderande og regulerande leiken i skulen
Velkommen til fagleg påfyll gjennom planleggingsdag i Sognaregionen! Me ser fram til å møta deg!
Viktig informasjon
Deltakarar: Tilsette i skulefritidsordningane i Sogn. Maks 150 deltakarar!
Kvar: Quality Hotel Sogndal, «Sogndalssalen» (første salen etter resepsjonen).
Tidspunkt: Fredag 6.november kl 9.00-14.30. Registrering frå kl 8.30.
Pris: 600 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant. «System for styrka læring» sponsar om lag 150 kr pr pers for å halde utgiftene for sfo’ane nede. Bindande påmelding. Prisen inkluderer fagleg innhald, kurslokale, dagens 2-rettar lunsj, kaffi/te og pausemat.
Det er avgrensa med parkering, tenk gjerne samkøyring eller parkering litt lengre vekke.
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no
Mob: 48 25 03 06.
Vedlegg:
Program som pdf
Regional planleggingsdag for skulane i Sogn 6.november 2026
Om arrangementet
VELKOMEN TIL REGIONAL PLANLEGGINGSDAG FOR SKULANE I SOGN!
Samlinga finn stad på Quality Hotel Sogndal, eller du kan sjå sendinga strøyma digitalt.
Program
Sjå vedlegg i boksen til høgre.
Viktig informasjon
Stad: Quality Hotel Sogndal - «Fjordsalen» har plass til maks 260 deltakarar rundt gruppebord. Lærarar og skuleleiing har førsteretten på dei fysiske plassane. Andre tilsette i skulane, tilsette i PPT og skular som vel det, kan følgje sendinga digitalt. Samlinga fram til lunsj vert strøyma via YouTube slik at ein kan følgje sendinga frå eigen eining. Lenkje vert sendt ut til leiarane dagen før. Det er begrensa med parkering, tenk gjerne samkøyring eller parkering litt lengre unna hotellet.
Tidspunkt: Fredag 6.november 2026 kl 09.00-15.00. Registrering på hotellet frå kl 8.30. Strøyminga startar like før kl 9 og varer til 11.30. Etter lunsj vert det gruppearbeid kring tematikken. Fint om de går inn på lenkja nokre minuttar før sendinga startar for å sjå at alt verkar teknisk. Det kan vere lurt å ha dialog med IT-støtte i kommunen i forkant.
Lunsj: Ja, enkel lunsj inkludert.
Deltakaravgift: Gratis for digitale deltakarar. Fysisk deltaking: 400 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant av samlinga (bindande påmelding).
Målgruppe: Alle tilsette ved grunnskulane i Sogn, PPT og skuleeigarar.
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no
Mob: 48 25 03 06.
Vedlegg:
Program som pdf
Regionalt nettverk for lese- og skrivevanskar/ kurs i elevtilpassa leseopplæring 1.-4.trinn
Kart til klasserommet blir lagt ut her nokre dagar før: Bragebygget Frigg 1, Bragebygget, Campus Sogndal - MazeMap
Fagdag barnehage
Om arrangementet
Velkommen til fagdag barnehage som hausten 2026 har tematikk knytt til fagområdet i rammeplanen kunst, kultur og kreativitet.
Rakel Elice Huglen underviser ved Høgskulen på Vestlandet, institutt for kunstfag. Der underviser ho mellom anna i Kunst, kultur og kreativitet ved barnehagelærarutdanninga. Blant interesseområda hennar er visuelle tilnærmingar og skapande prosessar hjå barn. Ho har nyleg skreve eit kapittel i boka «Å vere ein modig maur».
Program
09.00- 09.05: Velkommen og kort informasjon
09.05- 11.15:
Rakel sitt innlegg er basert på kapitelet ho nyleg har skreve. Der får me eit innblikk i studentar på barnehagelærarutdanninga sin kreative prosess med utgangspunkt i rabbel og drodling. Det blir også satt av tid til refleksjon i par eller små grupper.
Broderiworkshop: Det blir også ein liten verkstadaktivitet med broderi. Prosjektet er ein del av Rakel sitt FoU prosjekt. Krev ingen forkunnskapar.
Inkludert 15 min pause
11.15- 12.00: Lunsjpause
12.00- 13.45: Me jobbar i grupper med fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Her skal me utfordre oss sjølve, dele erfaringar og diskutere på tvers av barnehagane i Sogn. Ta gjerne med deg idear frå eigen barnehage som kan delast med kollegar.
Inkludert 15 min pause
13.45- 14.00: Evaluering og avslutning
Velkommen!
På vegne av arbeidsgruppa, beste helsing frå
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sognaregionen
Viktig informasjon
Stad: HVL, Sogndal campus. Klasserom Ålfoten, 1.etg i Høgskulebygget. Sjå kart her: Høgskbygget 1.etg kl Ålfoten, Høgskulebygget, Campus Sogndal - MazeMap
Tidspunkt: Tysdag 20.oktober 2026 kl 09.00-14.00.
Lunsj: Ja, enkel lunsj er inkludert.
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.
Målgruppe: Alle som jobbar i barnehage. Du treng ikkje ha forkunnskapar om fagområdet eller brodering.
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no
Mob: 48 25 03 06.
Vedlegg:
Regionalt nettverk for ASK hausten 2026
Kart til klasserommet blir lagt ut her nokre dagar før:
Regionalt fagnettverk pedagogisk IKT 30.september 2026
Om arrangementet
VELKOMEN TIL NETTVERK I PEDAGOGISK BRUK AV IKT I UNDERVISINGA!
Samlinga er open og aktuell for alle skuletilsette i grunnskule, VGS og vaksenopplæring, ikkje berre dei som jobbar med pedagogisk IKT særskilt.
Program
09:00-09:30: Velkomen! Nye skjermråd og råd for god digital praksis + satsing på lesing
09:30- 10:15: Digitale tilretteleggingsverktøy
Lese og skriveopplæring. HBUS dysleksivennleg skule, v/Kari-Merete, Aslaug og Katrine, Hafslo barne- og ungdomsskule
10:15- 10:30: Pause og beinstrekk
10:30- 11:30: Forts. digitale tilretteleggingsverktøy
Introduksjon til Intowords
Introduksjon til Lingdys
Samanlikning og diskusjon/utprøving.
11:30- 12:30: Lunsj
12:30- 13.00: Forts. digitale tilretteleggingsverktøy
13:00-13:30: Gjennomgang av KI-råda og tips til bruk av Notebook LM (verktøy for lærarane)
13:30-14:15: Nye råd og praksis: Delingsrunde og diskusjon
1-4. trinn: Praksisendring på skulen? Innføring og bruk av av læringsbrett-når og korleis?
5-10. trinn: Praksisendring, særleg tidspunkt for innføring av KI? Vurderingspraksis?
Kort om tipshefte =PPT til foreldremøte?
14:15-14:30: Avrunding og evaluering av nettverket
Teachmeet neste gong…?
Ansvarlege for samlinga:
Håvard Takle Sanden, Luster kommune havard.takle.sanden@luster.kommune.no
Turid Rauboti, Sogndal kommune Turid.Rauboti@sogndal.kommune.no
Beste helsing frå
Håvard og Turid, nettverksansvarlege
Ingrid Steine Bortne, Programleiar barnehage- og skuleutvikling, Sognaregionen
Viktig informasjon
Stad: ViteMeir, Kaupanger
Tidspunkt: Onsdag 30.september 2026 kl 09.00-14.30
Lunsj: Ja, inkludert. Meny: gulrot- og søtpotetsuppe m/brød
Deltakaravgift: 300 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant av samlinga (bindande).
Målgruppe: Samlinga er open og aktuell for alle skuletilsette i grunnskule, VGS og vaksenopplæring, ikkje berre dei som jobbar med pedagogisk IKT særskilt.
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Mob: 48 25 03 06.
Vedlegg:
Program som pdf
Regionalt nettverk for SFO-leiarar
Om arrangementet
Me ynskjer velkommen til nettverksamling for SFO-leiarar i Sogn. Denne gongen legg me samlinga til Vik.
Program
Nettverkssamling for SFO-leiarar – hausten 2026
Rekkefølge på sakene kan bli justert.
09.15- 11.00 Møte del 1:
- Omvisning ved Flatbygdi SFO
- Innlegg om læringsmiljøprosjekt ved skulane i Vik
- Delingsrunde om praktisk-estetisk innhald i SFO. Kva aktivitetar tilbyr SFO innan kultur, kunst og kreativitet? (Musikk, dans, drama, skapande aktivitetar m.m.)
11.00- 12.00 Me ruslar ned til Ostebaren i sentrum, har bestilt lunsj der kl 11.15.
12.00- 14.15 Møte del 2:
- Digitalt innlegg om folkehelse-turné i Luster v/ Kristin
- Samarbeid med lag og organisasjonar. Me deler erfaringar mellom skulane.
- Foreldremøte for SFO. Bør det gjennomførast eller ikkje?
- Open post. Er det saker du vil løfte?
14.15- 14.30 Avrunding og evaluering. Forslag på tematikk og lokasjon neste samling.
Ansvarlege for samlinga:
Lene Nornes Madsen, Hafslo barne- og ungdomsskule lene.nornes.madsen@luster.kommune.no
Gry Anita Sviggum, Gaupne skule Gry Anita Sviggum gry.anita.sviggum@luster.kommune.no
Ved praktiske spørsmål:
Ingrid Steine Bortne, programleiar «System for styrka læring», telefon 48 25 03 06 Ingrid.Steine.Bortne@sognaregionen.no
Beste helsing frå
Lene Nornes Madsen, Gry Anita Sviggum og Ingrid Steine Bortne
Viktig informasjon
Stad: Flatbygdi skule, Skulevegen 12, 6893 Vik i Sogn
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Mob: 48 25 03 06.
Vedlegg:
Program som pdf
Regional planleggingsdag for skulane, PPT og samarbeidspartar i Sogn
An interactive session for makers and thinkers to collaborate, connect, and spark new ideas.