Tilbake til alle arrangementer

Regionalt nettverk for lese- og skrivevanskar/ kurs i elevtilpassa leseopplæring 1.-4.trinn

  • Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Om arrangementet 

Kurs: Elevtilpassa leseopplæring 1.-4.trinn v/ Vigdis Refsahl

Me er svært heldige som får besøk av sjølvaste Vigdis Refsahl denne samlinga! Denne sjansen vil du ikkje gå glipp av!

Vigdis har jobba ei årrekke med styrking av leseopplæring, og har dysleksi som sitt spesialfelt. Ho har jobba med å styrke leseopplæringa på alle trinn. Vigdis er utdanna som pedagogisk-psykologisk rådgjever og har det meste av si praksis frå PP-teneste og Statped, samt noko frå universitetet i Oslo. Ho har, i tillegg til å utgreie og undervise barn, unge og vaksne med dysleksi, lang erfaring med systemarbeid i kommunar, der leseopplæring i si heilheit har vore i fokus. Ho har også bidrege med litteratur, nettressursar og etterutdanning av språk- og leserettleiarar i enkelte kommunar. 

Vigdis dekker gjennom sine kurs fleire sentrale sider ved leseopplæringa. Ho har som mål at kursdeltakarane tileignar seg ein trygg og god praksis, som har tydelege forankringar i leseforsking og i læreplanen sitt grunnleggande elev- og læringssyn (LK20).

Program

09.00- 09.05: Velkommen og informasjon v/arrangørar

09.05- 11.30: Økt 1

11.30- 12.15: Lunsj

12.15- 14.50: Økt 2

14.50- 15.00: Evaluering og vegen vidare for nettverket

 

Det blir lagt inn pausar undervegs.

Det blir variasjon mellom føredrag/kurs og praktiske aktivitetar. De kan notere direkte i kurshefte undervegs i samlinga, slik at de har det «hands on» når de treng det i klasserommet.

 

Ta med på samlinga:

-          Ei saks til den praktiske økta

-          Skrivesaker

-          Skriv ut kursheftet som du får tilsendt måndag føremiddag. Ta kontakt med Ingrid om du ikkje har høve til å skrive ut, så hjelper me med det

Nettverksansvarleg for samlinga:

Siri-Lise Nes Bøyum, Sogn PPT, Siri-Lise.Nes.Boyum@sogndal.kommune.no

Beste helsing frå 

Siri-Lise Nes Bøyum, nettverksansvarleg       

Ingrid Steine Bortne, Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sognaregionen

Viktig informasjon

Stad: HVL, Sogndal campus. Klasserom «Frigg 1 og 2» i Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Frigg 1, Bragebygget, Campus Sogndal - MazeMap.

Tidspunkt: Tysdag 27.oktober 2026 kl 09.00-15.00.

Lunsj: Ja, inkludert.

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.

Målgruppe: Lærarar 1.-4.trinn, spesialpedagogar, PP-rådgjevarar og andre som finn det relevant. Me oppmodar også skuleleiing til å delta, særleg første del av dagen fram til lunsj.


 
 

Kontaktinfo:

Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no

Mob: 48 25 03 06.

 
 
Forrige
Forrige
20. oktober

Fagdag barnehage

Neste
Neste
6. november

Regional planleggingsdag for skulane i Sogn 6.november 2026