Tilbake til alle arrangementer

Fagdag barnehage

  • Campus Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Om arrangementet

Velkommen til fagdag barnehage som hausten 2026 har tematikk knytt til fagområdet i rammeplanen kunst, kultur og kreativitet.

 

Rakel Elice Huglen underviser ved Høgskulen på Vestlandet, institutt for kunstfag. Der underviser ho mellom anna i Kunst, kultur og kreativitet ved barnehagelærarutdanninga. Blant interesseområda hennar er visuelle tilnærmingar og skapande prosessar hjå barn. Ho har nyleg skreve eit kapittel i boka «Å vere ein modig maur».


Program

09.00- 09.05: Velkommen og kort informasjon 

09.05- 11.15:

Rakel sitt innlegg er basert på kapitelet ho nyleg har skreve. Der får me eit innblikk i studentar på barnehagelærarutdanninga sin kreative prosess med utgangspunkt i rabbel og drodling. Det blir også satt av tid til refleksjon i par eller små grupper.

 

Broderiworkshop: Det blir også ein liten verkstadaktivitet med broderi. Prosjektet er ein del av Rakel  sitt FoU prosjekt. Krev ingen forkunnskapar.

Inkludert 15 min pause

11.15- 12.00: Lunsjpause

12.00- 13.45: Me jobbar i grupper med fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Her skal me utfordre oss sjølve, dele erfaringar og diskutere på tvers av barnehagane i Sogn. Ta gjerne med deg idear frå eigen barnehage som kan delast med kollegar.

Inkludert 15 min pause

13.45- 14.00: Evaluering og avslutning

Velkommen! 

 

På vegne av arbeidsgruppa, beste helsing frå

Ingrid Steine Bortne

Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sognaregionen

Viktig informasjon

Stad: HVL, Sogndal campus. Klasserom Ålfoten, 1.etg i Høgskulebygget. Sjå kart her: Høgskbygget 1.etg kl Ålfoten, Høgskulebygget, Campus Sogndal - MazeMap

Tidspunkt: Tysdag 20.oktober 2026 kl 09.00-14.00.

Lunsj: Ja, enkel lunsj er inkludert.

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.

Målgruppe: Alle som jobbar i barnehage. Du treng ikkje ha forkunnskapar om fagområdet eller brodering.



 
 

Kontaktinfo:

Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no

Mob: 48 25 03 06.

 
 
Forrige
Forrige
14. oktober

Regionalt nettverk for ASK hausten 2026