Om arrangementet
Nærvær, fråvær og alt i mellom
Ei temasamling om korleis fremje nærvær, og god praksis for oppfølging og tilrettelegging
Målet med planleggingsdagen er at tilsette gjennom innlegg og refleksjon skal lære meir om kva som fremjar nærvær i barnehagen, og kva det kan vere lurt å gjere som tilsett og som kollega.
Om tema
Dei aller fleste vil i løpet av livet oppleve sjukdom og behov for å vere ute av jobb eller jobbe redusert. Det er lov å vere sjuk. Samtidig treng vi å bygge kompetanse, system og haldningar som fremjar arbeid, og gjer det mogleg å kome attende til barnehagen når tida er rett. Målet for sjukefråværsarbeidet er at den tilsette skal få moglegheit til å vere i jobb så mykje som mogleg. Arbeid er i dei fleste tilfella helsefremjande.
Program
Kl 08.45- 09.00: Innlogging og lydsjekk
Kl.09.00- 11.15: Digitale føredrag
- Innlegg frå Jan Ove Tryti, tenesteleiar for legeteneste, psykiatri- og rusteneste i Sogndal kommune
- Innlegg frå Nav arbeidslivssenter Vestland ved Heidi Myrvold og Ruth B. Lødemel
- Kort innlegg og fysisk pauseaktivitet frå fysioterapeut i Sogndal kommune Jorunn Albretsen
Det vert lagt opp til små oppgåver undervegs og ein pause om lag kl 10.
Ca kl. 12.00-14.00: Arbeid i barnehagen - i grupper og fellesmøte
Etter føredraget jobbar de med tema på eigen arbeidsplass i 1,5 – 2 timar. Barnehageleiinga styrer denne økta. Dei får oppgåvene på e-post, saman med teamsinnkallinga og QR-kode, tidleg i veke 44. Saman med oppgåvene ligg det informasjon kva leiinga må førebu til denne økta.
I avslutninga av denne delen ynskjer me at deltakarane evaluerer dagen i fellesskap via QR-koden. Det er tilstrekkeleg med eitt felles svar frå kvar eining. Resten av planleggingsdagen kan nyttast til lokalt arbeid i barnehagen/kommunen.
Velkommen til fagleg påfyll gjennom planleggingsdag i Sognaregionen!
Viktig informasjon
Deltakarar: Tilsette i barnehagane i Sogn og tverrfaglege samarbeidspartar
Tid og stad: Barnehagane organiserer felles framsyning av digitale føredrag i Teams fredag 6.november kl 9.00-11.15 med påfølgande oppgåver. Innlogging i Teams og lydsjekk frå kl 8.45.
Etter lunsj er det lagt opp til å jobbe i barnehagen med oppgåver i grupper og i plenum i 1,5- 2 timar. Oppgåvene vert sendt ut til styrarane i god tid.
Praktisk info:
· Møtelenkje i Teams vert sendt til styrarane/leiarane i veke 44
· Føredraga vert teke opp og delt med dykk frå onsdag 11.11. Opptaket er tilgjengeleg fram til 1.mars 2027. Opptaket er meint til bruk der barnehagen ikkje har høve til å vere med på sjølve planleggingsdagen og skal berre nyttast internt i oppveksteiningane våre her i Sogn.
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sognaregionen.no
Mob: 48 25 03 06.