Om arrangementet
Me ynskjer velkommen til nettverksamling for nyutdanna og rettleiarar, og gler oss til å høyre korleis de opplever arbeidskvardagen som nyutdanna pedagogar og rettleiarar i Sogn. Evalueringa frå tidlegare samlingar har vore tydeleg på at dei nyutdanna ynskjer meir av grupperettleiing, deling av erfaringar og drøfting i fellesskap. Det har me difor lagt til rette for. Me inviterer også rettleiarar slik at dei kan få jobbe og utveksle erfaringar saman med andre rettleiarar i Sogn. Om du er rettleiar utan å ha nyutdanna å rettleie dette året ,er du likevel velkommen til samlinga for å bidra og få påfyll. Me kjem til å ha felles oppstart før me deler oss i grupper: barnehagelærarar, lærarar og rettleiarar kvar for seg.
Program
12.30 Me et lunsj saman og minglar litt.
13.00 Velkommen, kort informasjon om dagen og siste nytt om rettleiingsordninga.
13.15 Rettleiing i grupper der me nyttar vedlagte rettleiingsmodell
Barnehagelærarar
Lærarar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring
Rettleiarar
Gruppene legg inn pause i rettleiingsøkta når det høver best
15.00 Me samlast i plenum for deling, evaluering og plan for vidare arbeid.
Førebu deg til samlinga ved å lese gjennom vedlegget «Problemrettet veiledning i gruppe» etter modell frå Handal og Lauvås som me vil bruke som mal for rettleiingsøkta denne ettermiddagen.
Har du framlegg til tema eller noko du vil dele på samlinga er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt!
Målet er å bli kjend med andre nyutdanna pedagogar og rettleiarar i Sogn, at me skaper eit fagleg og sosialt nettverk og får inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet som nyutdanna eller rettleiar. Me håpar dette er noko du ynskjer å delta på – du er hjarteleg velkommen!
Beste helsing frå
Evelyn Eggum og Dorthea Sekkingstad, Kontaktpersonar for tiltaket «Ny som lærar på Vestlandet», HVL
Ingrid Steine Bortne, Programleiar barnehage- og skuleutvikling, Sognaregionen
Viktig informasjon
Stad: HVL, Sogndal campus.
Rom og lenkje til kart: Vert ettersendt til dei påmeldte.
Tidspunkt: Torsdag 17.september 2026 kl 12.30-15.30
Lunsj: Det blir servert enkel lunsj i klasserommet kl 12.30
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Nyutdanna pedagogar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skular og vaksenopplæring i Sogn som vart ferdig utdanna i 2025 eller 2026 + lokale rettleiarar
Kontaktinfo:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Mob: 48 25 03 06.